Rådgjevar

Rådgjevar skal vere elevane til hjelp i spørsmål om fag, lineval og studieretning. Her kan du få yrkesrettleiing og hjelp til å søkje høgare utdanning.

Du kan og kome om du har behov for å snakke om meir personlege ting og utfordringar. Elevane kan ofte ha behov for å snakke med ein som kanskje ikkje er læraren deira til dagleg. Sjølv om det ikkje treng å vere store problem eller konflikter, kan det vere godt å stikke innom rådgjevarkontoret for ein prat. 

Rådgjevar vil kunne gje deg kompetente råd og eventuelt bidra med å skaffe spesialisthjelp (t.d. skulepsykolog og skulelege) eller vere til støtte for deg i lag med andre, t.d. helsesjukepleiar eller PPT.

Ikkje ver redd for å "forstyrre" - det er difor rådgjevar er på skulen, for å hjelpe deg.

Rådgjevar sitt kontor

Du finn rådgjevarkontoret i 1. høgda, inngang frå trapperommet ved sida av auditoriet. Kontoret er ope kvar dag. 

Nærare orientering om når/kva timar rådgjevar er å treffe, blir gitt i byrjinga av skuleåret. Sjå også oppslag på døra.
Men ser du at rådgjevar er på kontoret gjennom vindauge i døra, er det berre å banke på.

Vidare utdanning

Oppslag og brosjyrar om høgare utdanning vil du finne på rådgjevarkontoret. Ta gjerne ein samtale om vegen vidare for deg etter vidaregåande skule.  Rådgjevar er godt orientert om gode nettressursar og heimesider du kan vere innom når du er i tankeprosessen.

Om du gjev rådgjevar melding om utdanningar du er interessert i i forkant, blir samtalen meir målretta. Er du veldig usikker, vil ein samtale uansett vere nyttig for å rydde eigne tankar.

Hugs og å ta kontakt tidsnok - det vil seie i god tid før søknadsfrister går ut! Greitt å ha tid til å vurdere litt, reflektere og så bestemme seg. For ein frist er ein frist, og den må du forholde deg til.

Lån og stipend

Har du behov for råd og hjelp til å søkje stipend og eventuelt lån, er det hit du skal gå. Rådgjevar vil vise deg kor du skal gå inn, og tipse deg om kva du skal sjå etter. 

Nettstaden til Lånekassen
  

Merk!

Det blir ikkje rekna som fagfråvere når ein elev oppsøkjer rådgjevar. Meld frå til faglærar når du går. Du kan også stikke innom og avtale tid, slik at du kan få ein samtale i ein av fritimane dine.
  

Velkomen!