Info for føresette

Nyttige snarvegar og informasjon for føresette.

Tilgang til og bruk av Visma inSchool

Det å ha tilgang til Visma inSchool gir deg som føresett høve til å vere oppdatert når det gjeld både vurdering og fråvær. Du treng berre BankID.

Du kan lese meir om Visma InSchool (VIS) på mrfylke.no

Prøveplan - ei hjelp til oversikt og planlegging

Skulen utarbeidar alltid prøveplanar per termin, der alle vurderingssituasjonar per klasse er lagt inn.
Denne har alle elevar full tilgang til i Teams (i teamet Haram VGS - Elevar og tilsette). Her har diverre ikkje foreldre/føresette tilgang.

Mange føresette etterspør denne oversikta.  
Rådet frå skulen er å be eleven dykkar skrive ut eit eksemplar,  slik at det kan vere mogleg for deg som forelder/føresett å følgje med, om behovet er der. 
Vi viser elles til VIS (Visma InSchool), der datoane for vurderingssituasjonar per fag ofte er lagt inn tidleg. 

Kontaktlæraroversikt

Kvar elev skal vere knytt til ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosial-pedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakt med heimen.

Slik er årets kontaktlærarfordeling:

 

Kontaktlæraroversikt
KlasseKontaktlærar(ar)
1ST1Eva Floen Fjørtoft
1ST1 - INTSynnøve B. Hersvik
2ST1Tormod Strand
2ST1 - INTElise Johnsen
2ST - SKOTTLANDSolveig Beadle
3STIHelene Austbø
3ST1 - INTMarte T. Vadset
1EL1Solveig Bostad
1EL2Eirik Tennøfjord
2ELKjell Morten Nedrevold
1HOElisabeth Vegsund og Hege Pia Hansen
1TP1Azem Maksumic
1TP2Kjell Arne Hermansen
1TP3Sivert Stavdal
2TPØystein Ertresvåg
1TTArild Haddal
2TTÅsa S. Urke
3TTThomas Trøen
4TTEinar Nes

 

Om behov, ta kontakt med kontaktlærar til din elev. 
Kontaktinformasjon finn du her .

Skulen ønskjer deg og eleven din velkomne inn i utdanningsløpet i den vidaregåande skulen.