Info for føresette

Nyttige snarvegar og informasjon for føresette.

Godt å vite ved overgong til vgo?

Nettskjemaet SKOLESTART - her MÅ alle inn! 

Elevar må registrere seg i Skolestart. Via dette nettskjemaet får både elev og skule tak i den viktigaste informasjonen som må bli utveksla i forkant av skuleåret. Eleven må llogge seg inn, gå gjennom registreringsskjemaet og svarer på spørsmåla. Det er eleven sjølv som skal svare på registreringsskjemaet. For å kunne logge inn og fylle ut registreringsskjemaet, må eleven ha takka ja til skuleplass på vigo.no.

Det er og innlogging for dykk foreldre i same skjema, så gjer gjerne dette saman.

Skolestart
  

Alle elevar får tilbod om PC.
Alle elevar i vidaregåande skole må ha berbar PC som er god nok for skolebruk. Når ein startar opp på Vg1 får alle elevar tilbod om å leige PC frå fylkeskommunen.

IKT og elev-PC  
  

Elevar kan og ha rett på skuleskyss. 
Dette blir gitt etter klare kriterier, og eleven må sjølv gå inn og søkje. Merk at elevar frå 10. trinn brukar same skuleskysskort i vgs som på usk. Dei må difor ta godt vare på skysskortet sitt!

Skuleskyss - informasjon og søkjeportal
  

Lånekassen tilbyr meir enn lån!
Til dømes har alle elevar i vidaregåande opplæring rett på Utstyrsstipend, Informasjon om kor stort stipendet er på utdanningsprogrammet til din elev, finn du på nettsida til Lånekassen. Hugs at ein må aktivt søkje, om ein skal få noko. Pengene blir utbetalt ved skulestart, etter at skulen har loggført kven som er elev ved skulen.
Bruk linken under for å orientee eg meir.

Lånekassen
  

Kanskje er det andre ting ein kan lure på? 
Då er direktelink til Møre og Romsdal fylkeskommune sin informasjon om skule og opplæring fin å sjekke ut:

Skole og opplæring 

Og når skuleåret først er i gong, er det som står vidare her også greit for føresette å kjenne til:.
 

Tilgang til og bruk av Visma inSchool

Det å ha tilgang til Visma inSchool gir deg som føresett høve til å vere oppdatert når det gjeld både vurdering og fråvær. Du treng berre BankID.

Du kan lese meir om Visma InSchool (VIS) på mrfylke.no

Ver merksam på at når ein elev fyller 18 år, vil føresette automatisk miste tilgangen i Visma inSchool
Etter fylte 18 år er det berre eleven som har tilgang til sine opplysningar, og er og den einaste som kan opne for utvida tilgang til dykk føresette.

Prøveplan - ei hjelp til oversikt og planlegging

Skulen utarbeidar alltid prøveplanar per termin, der alle vurderingssituasjonar per klasse er lagt inn.
Denne har alle elevar full tilgang til i Teams (i teamet Haram VGS - Elevar og tilsette). Her har diverre ikkje foreldre/føresette tilgang.

Mange føresette etterspør denne oversikta.  
Rådet frå skulen er å be eleven dykkar skrive ut eit eksemplar,  slik at det kan vere mogleg for deg som forelder/føresett å følgje med, om behovet er der. 
Vi viser elles til VIS (Visma InSchool), der datoane for vurderingssituasjonar per fag ofte er lagt inn tidleg. 

Kontaktlæraroversikt

Kvar elev skal vere knytt til ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosial-pedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakt med heimen.

Slik er årets kontaktlærarfordeling: - førebels under arbeid

 

Kontaktlæraroversikt
KlasseKontaktlærar(ar)Klasserom (base)
1ST1
1ST1 - INT
2ST1
2ST1 - INT
2ST - SKOTTLANDSolveig M. Beadle
3STI
3ST1 - INTElise Johnsen
1EL1Solveig Bostad
2ELKjell Morten Nedrevold
1HOElisabeth Vegsund
1TP1
1TP2
2TP1
2TP2
1TTArild Haddal
2TT
3TT
4TTThomas Trøen

 

Om behov, ta kontakt med kontaktlærar til din elev. 
Kontaktinformasjon finn du her .

 

Utfordringar i vidaregåande opplæring?

Utfordrande å lære …

Dersom eleven kjenner på utfordringar knytt til læringssituasjonen, kan PPT-kontakten til skulen vere nyttig å ha ein samtale med. Denne kontakta er det kontaktlæraren til eleven som opprettar for eleven. Foreldre kan og ta direkte kontakt med PPt-vgo. Haram vgs er tilknytt Ålesund PPT.

Normalt tek elev, kontaktlærar og PPT ein uforpliktande samtale føst, og snakkar saman om situasjonen. Råd og tips kan bli gitt allereie i denne samtalen, men PPT er ikkje formelt kopla på eleven. Etter denne samtalen vurderer elev, gjerne i lag med føresette og kontaktlærar, om ei formell tilmelding til PPT skal bli gjort, for å få ei vidare utgreiing. Kontaktlærar vil hjelpe eleven med å fylle inn eit  tilmeldingsskjema, som blir sendt inn via skuleleiinga.

PPT for vgo
   

Vurderer eleven å slutte på skulen?

Oppfølgingstenesta (OT) er eit tilbod til ungdom som ikkje er opplæring eller i arbeid, men dei blir og kopla på når ein elev er i ein situasjon der det å fullføre vgo verkar vanskeleg. OT.kontakten til skulen blir invitert med, dersom skulen ser behov for eit avklaringsmøte med elev/elev og føresette.Dette er pålagt rutine, gitt av skuleeigar.

Oppfølgingstenesta (OT)

 

Lukke til i vgo!