Haram vidaregåande skole

Velkomen til Haram vgs!

Stolt og skapande

Med læring i fokus, og omtanke, nærleik og gjensidig respekt i læringsprosessen, jobbar vi for at du skal strekke deg mot måla dine. Du skal få god, fagleg opplæring, og oppleve sosial- og personleg utvikling. Saman tek vi framtida di på alvor.

Karrieredag 1. oktober

Dette er dagen å utforske ulike utdanningstilbod her på Haram vidaregåande skule!
  

Vi har eigen stand under Karrieredagen i Sparebanken Møre Arena, frå kl. 09.00 til 20.00. Her møter du både elevar og tilsette. Dei svarer gjerne på det du måtte lure på, og fortel deg sikkert også litt ekstra.
   

HVS har og representantar på stand for EL, TIF og HO.
  

Vi gleder oss til å treffe DEG!

Stipend til elevar og lærlingar

Alle elevar i vidaregåande skule har rett på utstyrsstipend. Beløpet avheng av utdanningsprogram, men alle må hugse å gå inn og søkje om dette!

Det kan og vere mogleg du har rett på andre stipend-ordningar. Stipend og lån blir bestemt ut frå aldaren din i 2025 og kva utdanningsprogram du går på i år. 

Sjekk via lenka under kor mykje du kan få. 
  

Sjekk storleik på lån og stipend hos Lånekassen

 

Skuleskyss i vidaregåande skule

Er du elev i vidaregåande skule kan du ha rett på gratis skuleskyss dersom du oppfyller nokre krav.  Du må sjølv søke kvart år for å få dette tilbodet.
 

Skuleskyss - informasjon og søknadsportal


Viktig beskjed frå FRAM vedr. skuleskysskort: 
-  Elevar frå 10. trinn brukar same skuleskysskort i vgs som på usk. Difor, ta godt vare på skysskortet ditt!