Utan elevar, ingen skule. Det veit vi, og vi ønskjer deg her.
For at du skal få høve til å gjere ditt beste i skulekvardagen, er det mange som vil kunne vere til støtte og hjelp om du treng det. Du har lærarane dine i den daglege undervisningssituasjonen, og du har andre støttespelarar, eller hjelparar, som kan tre støttande til, om behovet skulle kome.
Desse hjelparane finn du her under elevtenester:
Som elev ved Haram vidaregåande skule vil du verte respektert for den du er. Alle tilsette ved Haram vidaregåande skule arbeider for at du som elev skal nå måla dine.
Vi ønskjer at du, saman med nærværande og tilgjengelege lærarar og medelevar, er aktivt med i planlegging og gjennomføring av opplæringa di.
Er det noko du lurer på, slit med eller ønskjer råd eller støtte til, kontaktar du kontaktlæraren din eller nokon i elevtenesta.
Haram vidaregåande skule arbeider for at du som elev skal trivast på skulen. For med det trur vi at du lettare kan klare å nå måla dine og oppleve fagleg, sosial og personleg utvikling.
Vi ønskjer at følgjande skal gjenspegle seg i skulemiljøet vårt;
- kunnskap og kvalitet - - respekt - - samarbeid - - tryggleik og trivsel -
- nærleik - mangfald og moglegheiter - - positiv haldning - - lojalitet -
Skulen har gjennom åra fått tilbakemelding om at her er eit godt elev- og læringsmiljø, og det er vi glade for.
Slik ønskjer vi at kvar og ein av dykk skal oppleve det.
Men vi veit at det kan oppstå unnatak - og det ønskjer vi ikkje. Difor er det viktig at alle som er tilknytt skulen, anten som elev, tilsett, føresett eller som venn av nokon i vårt skulesamfunn, er vakne og følgjer opp om dei ser/opplever at nokon ikkje har det bra.
Ver ein god venn, også til dei du ikkje kjenner så godt.
Da blir skulen ein god stad å vere for alle.
Meld frå til kontaktlærar, eller rektor, om du opplever eller observerer noko som er ugreit, og skulen vil gjere sitt ytterste for å hjelpe/avhjelpe i kvar sak.