Helsetenester

Helsetenesta - eit tilbod til alle elevar ved skulen.

Helsesjukepleiar

Haram vidaregåande skule er så heldige å ha helsesjukepleiar tilgjengeleg på skulen kvar tysdag og torsdag. Helsesjukepleiar Monica Brungot Sandvik er å finne i lokala til elevtenesta i 2. høgda, rett opp for hovudinngangen.

Treffetid
Helsesjukepleiar vil ha kontortid/treffetid på skulen kvar tysdag og torsdag i tidsrommet kl. 09:00 - 13:00. Du treng ikkje bestille time på førehand, men det er mogleg om du helst vil gjere det.

Treffetida kan du nytte dersom det er noko du vil ta opp i forhold til fysisk- eller psykisk helse, eller dersom det er noko som verkar inn på trivselen din. Du kan få råd, rettleiing/hjelp innan helsespørsmål, og eventuelt få kontakt med andre instansar når det er behov for det.

Helsesjukepleiar har teieplikt, og er der for deg om du treng nokon å snakke med!

I byrjinga av skuleåret vil helsesjukepleiar ha ei orientering i kvar klasse om helsetenesta ved skulen. Ho vil og vere kopla inn i spesielle prosjekt knytt til tema ”Helse i skulen” gjennom skuleåret.

Kontakt utanom treffetid/avtale treffetid?
Helsesjukepleiar vil du kunne nå anten via
 e-post: monica.brungot.sandvik@alesund.kommune.no

eller ved bruk av sms/mobil/telefon: 
- Helsesjukepleiar sin mobil: 950 98 748
- Helsesjukepleiar kontor: 71 28 17 59 (direkte)
- Brattvåg Helsestasjon: 70 20 75 00 (via Servicetorget)

Du kan og få kontakt med helsesøster via kontaktlærar eller rådgjevar.

    

Gode linker for råd og rettleiing

Av og til kan det vere greit å lese litt for å kunne hjelpe seg sjølv eller andre. Eller snakke med nokon utanfor skulen. Kan hende finn du nyttig informasjon på desse linkane:

Helsestasjon for ungdom (HFU)
Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til deg mellom 13 og 20 år (24 år). Her kan du snakke med helsesjukepleiar og lege.

Kom gjerne til Helsestasjon for ungdom dersom du treng å snakke om:
- Rus og tobakk, seksualitet og prevensjon, uønska graviditet og abort, kjønnssjukdomar, psykiske problem, spiseforstyrring, mobbing, fysisk aktivitet, kosthald, søvn og mykje anna.

Vi kan gje råd, rettleiing og tilby undersøking om det trengst. Vi kan og vise deg vidare til andre hjelpetenester og spesialistar, dersom det er behov for det.

Alle vi som jobbar på Helsestasjon for ungdom har teieplikt.

Du treng ikkje timebestilling. Tilbodet er gratis!

Har du problem som Helsestasjonen for ungdom ikkje kan hjelpe deg med der og då? Vi ved HFU vil hjelpe deg vidare i systemet!

Helsestasjon for ungdom er stengt i skuleferiar (med unntak av sommarferien).
 

Amathea
Stiftelsen Amathea er ei helsetjeneste som tilbyr gratis veiledning til kvinner og par som har blitt uplanlagt gravide. Amathea har kontor på Moa.

Med dei tilsette der kan du trygt snakke om dine tankar og kjensler kring graviditet og abort. Det er gratis og dei er underlagt teieplikt.

Ikkje nøl med å ta ein samtale med Amathea om behov.
 

Kors på halsen
Dette er eit tilbod i regi Røde Kors.

- Gratis, trygt og anonymt for deg opp til 18 år. Her kan du prate med, eller skrive til, vaksne som stiller som frivillige i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å fortelje, og hjelper deg om du vil.
 

NOK
- eit tverrfagleg, gratis, lågterskel hjelpetilbod til utsatte for seksuelle overgrep og deira pårørande.