Rådgjeving

Rådgjevar skal vere elevane til hjelp i spørsmål om fag, lineval og studieretning. Her kan du få yrkesrettleiing og hjelp til å søkje høgare utdanning.

Du kan og kome om du har behov for å snakke om meir personlege ting og utfordringar. Elevane kan ofte ha behov for å snakke med ein som kanskje ikkje er læraren deira til dagleg. Sjølv om det ikkje treng å vere store problem eller konflikter, kan det vere godt å stikke innom rådgjevarkontoret for ein prat. Ver ikkje redd for å "forstyrre" - det er derfor rådgjevar er på skulen, for å hjelpe.

Rådgjevar vil kunne gje deg kompetente råd og eventuelt bidra med å skaffe spesialisthjelp (t.d. skulepsykolog og skulelege) eller vere til støtte for deg i lag med andre, t.d. helsesjukepleiar. 

Rådgjevar sitt kontor

Du finn rådgjevarkontoret i 1. høgda, inngang frå trapperommet ved sida av auditoriet.

Kontoret er ope kvar dag.
Nærare orientering om når/kva timar rådgjevar er å treffe, blir gitt i byrjinga av skuleåret. Sjå også oppslag på døra.

Vidare utdanning

Oppslag og brosjyrar om høgare utdanning vil du finne på rådgjevarkontoret. Ta gjerne ein samtale med rådgjevar om vegen vidare etter vidaregåande skule. Gi rådgjevar melding om utdanningar du er interessert i, slik at han kan skaffe brosjyrar og søknadsskjema i god tid før søknadsfristen går ut. 

Lån og stipend

Har du behov for råd og hjelp til å søkje stipend og eventuelt lån, er det hit du skal gå. Rådgjevar vil vise deg kor du skal gå inn kva du skal sjå etter, inne på nettstaden til Lånekassen (sjå snarveg nederst på sida her).

Merk!

Det blir ikkje rekna som fagfråvere når ein elev oppsøkjer rådgjevar. Meld frå til faglærar når du går. Du kan også stikke innom og avtale tid, slik at du kan få ein samtale i ein av fritimane dine.

Velkomen!
 

Snarvegar

Kontakt