Covid19-info, haust 2021

Regjeringen innfører nye nasjonale smitteverntiltak for å prøve å begrense smittespreiinga i landet. Tiltaka trer i kraft natt til onsdag 15. desember. Alle reglene gjeld i fire veker.
    

NB!
Reglane for fråværsgrense i vidaregåande skule er oppheva for heile skuleåret 2021/2022.

Skriv ut

Haram vgs. er over på RAUDT nivå.

Denne hausten vert diverre avslutta på raudt nivå. Som alle andre vidaregåande skular i landet følgjar vi no opp dei nasjonale føringane, som vart lanserte 13.12.21, kl.20:00, og gjeldande frå 15.desember, igongsett seinast 16.desember.

Skulen vil gjere dei tilpassingar dette krev, og kome med nærare informasjon ut til elevgruppene via kontaktlærar. Vi ber og alle saman vise omsyn i det daglege, og respektere dei gjeldande retningslinjene, både på skulen og på reisevegen til/frå.

Fint om alle les over og oppdaterar seg på "Beredskapsplanen for raudt nivå" (nedst på sida).
   

13.12.21 Regjeringen melder
Strengare nasjonale tiltak for å begrense smitten
- Det vert innført nasjonalt raudt nivå på vidaregåande skuler og for vaksenopplæring.
(Les heile artikkelen i linken for meir info)

Dei forskriftsfesta tiltaka trer i kraft frå natt til onsdag 15. desember. Tiltaka gjeld inntil vidare i fire veker, men det kan ikkje utelukkast at dei vil vare lengre eller at det blir behov for fleire innstrammingar.
(Pressemelding, 13.12.21)
 

07.12.21. Regjerninga melder
Nye nasjonale smitteverntiltak for å beholde kontrollen, gjeldande frå 09.12.21.
- Alle nye nasjonale påbod og tilrådingar trer i kraft klokka 24 natt til torsdag 9. desember. Dei varer i fire veker – men vil bli vurdert på nytt etter to veker. 
(Pressemelding, 07.12.21.)

 

30.11.21. Regjeringa melder
Regjeringen innfører nye nasjonale tiltak f.o.m. 01.12.21.

  

Gjeldande for Ålesund

- Pga auke i det lokale smittetrykket, har Ålesund - og Sula kommune, innført midlertidige restriksjonar  den 16.11(*), og deretter forsterka desse f.o.m. laurdag 20.11.21(**). Skulen vert pålagt å følgje føringar frå fylkeskommunen (skuleeigar) og kommune, og innfører test-regimet som skissert i melding 16.11.21 og andre føringar meldt 20.11.21.
(Sjå  tekst og tilhøyrande vedlegg under for innhaldet i desse meldingane).

16.11.21 Ålesund kommune melder
Ålesund kommune har hatt auke i talet på nye smittetilfelle siste tida, og ein større andel av desse tilfella er blant barn i skulealder og familiene deira. (...) Siden smittetala held seg stabilt høge blant skuleelevar, innfører kommunen jamleg testing ved alle skular i kommunen. Dette er i tråd med nasjonale retningsliner og etter anbefaling frå FHI, skriv Ålesund kommune i informasjonsskriv til alle husstandar (sjå begge dokumenta under).

Torsdag 18. november startar Ålesund kommune massetesting av elevar på 5. - 10 årstrinn i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Testane skal takast heime på ettermiddagar kvar mandag og torsdag, så lenge testinga pågår. Første test-runde er torsdag 18. novembera

  

** 20.11.21 Ålesund kommune melder:
Laurdag 20. november frå kl. 12.00 innfører kommunane Ålesund og Sula ei ny lokal forskrift. Det blir plikt med karantene for dei som bur med eller er til dømes kjærast med ein person som er påvist med koronavirus. Det er også påbod om munnbind i einskilde situasjonar. (Les vidare på Ålesund kommune si nettside) .

Vedlegg til denne meldinga:

 

Tidlegare denne hausten har skulen informert om;

Fråværsreglar

- Kunnskapsdepartementet fjernar fråværsgrensa, gjeldande frå fredag 5.november og ut skoleåret.

Unntaket som nå vert gjeninnført, vil gjelde for alt fråvære av helsegrunnar dette skuleåret. Det betyr at det også vil gjelde for det sjukefråværet elevane har hatt frå 11. oktober og frem til i dag (perioden med gjenninnført reglement). For fråvære av helsegrunnar i dette skuleåret, godtar ein no både legeerklæringar, men og eigenmeldingar og foreldreerklæringar.

Dette kom i pressemelding frå regjeringa 04.11.2021, gjeldande frå 05.11.21.
    

Fakta om unntak frå fråværsreglar

* Elevar med symptom på sjukdom treng ikkje å gå til lege for å dokumentere fråværet.
* Alt fråvære av helsegrunnar kan bli dokumentert med eigenmelding for myndige elevar og foreldremelding for dei under 18 år.
* Fråvære av helsegrunner skal ikkje førast på vitnemål og kompetansebevis.
* Det gjeld og covid-19-relatert fråvære, som testing og karantene.
* Reglane er dei same som gjaldt i nesten heile førre skuleår fram til 11. oktober i år.
* Elevar som har vore sjuke etter 11. oktober og fram til i dag, får sletta fråværet.

Kilde: Kunnskapsdepartementet


 ...................................................................................................................................      

Tidlegare oppslag denne hausten:

UDIR skriv på heimesida si, 25.09.21 (bm):

De grunnleggende smittevernrådene gjelder fortsatt:

  1. Syke personer skal ikke være på skolen, i barnehagen og i SFO. Det aller viktigste smitteverntiltaket er at syke personer holder seg hjemme.
  2. God hygiene. Hostehygiene er viktig for å begrense dråpesmitte, mens håndhygiene er viktig for å hindre kontaktsmitte.
  3. Godt renhold. Godt renhold forebygger kontaktsmitte.

Barn, elever og ansatte med nyoppståtte luftveissymptomer og/eller sykdomsfølelse skal ikke møte i barnehage, skole eller SFO, selv om symptomene er milde. Dette gjelder også vaksinerte. Både barn og voksne skal holde seg hjemme til allmenntilstanden er god. Man kan komme tilbake selv om man fortsatt har restsymptomer som rennende nese eller hoste.

Smittevernmyndighetene anbefaler at personer med luftveissymptomer tester seg. Ingen kan nektes å komme i barnehagen eller på skolen, selv om de ikke er testet. Personer som får påvist korona skal isolere seg.

Les meir...
 

Ålesund kommune sitt informasjonsskriv: 

Ålesund kommune førebur ein normal kvardag (info-skriv)
 ...................................................................................................................................   

Per 20.09: - Sjølvtest?

Den 20. september gjekk alle barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular i Ålesund kommune tilbake til grønt nivå igjen.  Samstundes meldte kommunelegen at ungdom i Ålesund får tilbod om å ta sjølvtest heime om nokon i klassen blir covid19-smitta, melder kommunen. Tanker er at ved å ta jamnlege testar, kan ein gå på skulen som vanleg under føresetnad at de er friske. Dersom ein får klare symptom, skal ein halde seg heime, slik som tidlegare rutine har vore..

Alle elevar vil kunne få utdelt 1 stk. test på skulen, som dei tar med seg heim. Denne skal ein bruke som test 1 ved mogleg smitte i klassen, nærmaste omgangsvenar eller på fritidsaktivitet. Test 2 og 3, samt ein ny til å ha hjemme, kan ein få tak i på definert hentepunkt.
Les meir om opplegget til Ålesund kommune på heimesida deira og i skriva under..

 

Skulen følgde gul beredskapsplan perioden 30.08 - 19.09.21.

Det var auka smitte og ein usikker covid19-situasjon på Sunnmøre denne perioden. Dette medførte lokale innstramningar. Ålesund kommunen innførte gult nivå på alle barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular. Tiltaket gjald frå måndag 30. august og fram til og med søndag 19. september. Dette er siste informasjon, meldt av kommunen fredag 17.09.

I perioden gjaldt dette;
Alle elevar møter som normalt etter sine timeplanar, men vert bedne om å vere lojale mot rutinane som gjeld for gult nivå. Nokre av dei viktige punkta vel vi å nemne her;
- Les over, og følg, det som står i beredskapsplanen
- Sprit hender på veg inn, og ut, frå skulebygget
- Vask/sprit over alle eigne arbeidsflater når du forlet eit rom/rombyte
- Hald god avstand (> 1 meter) ute i korridorar og fellesareal
- Vis god kø-kultur nede i kantina. "Meteren" gjeld også der. 
- Sit berre saman med elevar frå same kohort (klasse) som deg sjølv i alle sosiale soner

Bruk gjerne munnbind om du er meir bekvem med det, men ver då påpasseleg med å kaste brukt munnbind i tilgjengelege bossdunker. Dette gjeld sjølvsagt for alt av avfall. Vis repspekt og ta omsyn til reinhaldspersonalet. Dei gjer sitt beste for at bygget skal vere forskriftsmessig til ein kvar tid.
(Kontaktlærarane vil distribuere ut munnbind til elevane sine slik som tidlegare, om det er behov for det).

Alle møte med eksterne involvert, vert ein rådd til å ta over Teams.
Dersom ein meiner det er best for involverte partar å møtast fysisk, kan møtet gjennomførast på skulen, men under gitte føresetnader og rutiner, jf. beredskapsplanen.

(Ver budd på at endringar kan kome i dette oppslaget).

Vis god hygiene i alle samanhengar. 
Takk for hjelpa i situasjonen!

   

Skuleskyss

Når det gjald skuleskyss, skulle elevar bruke munnbind under transporten.

Dette er den enkelte sitt personlege ansvar, jf. krava frå Ålesund kommune til alle sine innbyggarar. Skulen sine elevar vil kunne få utdelt eit munnbind på skulen. Ta kontakt med din kontaktlærar i god tid før avreise.

Dokumenter

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.