Covid19 og skule-situasjon vår 2021

Gult nivå, gjeldande frå onsdag 14. april.

Det har periodevis vore ustabil covid19-situasjon i Ålesund kommune, med lokale innstrammingar i retningslinjene for innbyggjarane. Dette påverkar sjølvsagt korleis Haram vgs. må forhalde seg, og vi ber alle respektere dei til ein kvar tid gjeldande retningslinjer på skulen.
   

Haram vgs er på GULT nivå, gjeldande frå onsdag 14.april og ut dette skuleåret.

Skriv ut

Gult nivå, f.o.m. 14.04 og inntil ny beskjed blir gitt (ut skuleåret)

Skulen følgjer gul beredskapsplan.
Alle elevar møter som normalt etter sine timeplanar, men vert bedne om å vere lojale mot rutinene som gjeld for gult nivå. Sjå over, og følg, det som står i beredskapsplanen, og hald god avstand ute i korridorar og fellesareal.

Ver påpasseleg med å få brukte munnbind og alt anna avfall ned i tilgjengelege bossdunker. Vis god hygiene i alle samanhengar.

Alle møte med eksterne involvert, vert ein rådd til å ta over Teams.
Dersom ein meiner det er best for involverte partar å møtast fysisk, kan møtet gjennomførast på skulen, men under gitte føresetnader og rutiner, jf. beredskapsplanen.

Kontaktlærarane vil distribuere ut munnbind til elevane sine, jf. interne avtalar og føringar frå leiinga.
   

  

Eldre oppslag:

Raudt nivå 26.03 - 13.04

Tidlegare utlagt info, gjeldande for perioden 26.03 - 13.04:
- Alle skulane i Ålesund gikk over til raudt nivå fredag 26. mars. Dette vart bestemt i eige møte 25.mars.

For Haram vidargåande skule vart det vanskeleg å omorganisere og tilrettelegge for raud beredskap på så kort varsel. Vi legg difor om til heimeundervisning/digital undervisning i morgon fredag 26.mars.

Ein ber kontaktlærar informere elevene så langt det let seg gjere, om at skulen går over til heimeundervisning allereie i morgon. Dersom det er aktivitetar ein meiner bør gå på skulen denne dagen, skal rektor rådførast før slikt kan skje. Desse aktivitetane må uansett gjennomførast etter reglane om raudt nivå. 

I perioden gjeld:

  • Alle møte i skulen sin regi blir gjennomførte på Teams, gjeldande frå og med måndag 22.03. Også foreldremøte.
  • Det vert lagt opp til heimekontor for lærarkollegiet, men skulen er ikkje stengt.
  • Elevar, lærarar og andre tilsette vert bedne om følgje smittevernrutinene og vise omsyn når dei er i skulebygget.        


Endringar skjer raskt i desse tider, så hald deg oppdatert.
Det vert utviklinga i smittesituasjonen i løpet av påska, som vil avgjere korleis skuledagane vert lagte opp etter påske. Følg difor med på kva som vert bestemt for veke 14 og framover.

Informasjon kjem ut fortløpande her på heimesida*. I tillegg vil kontaktlærarane informere elevane sine via sine avtalte informasjons-kanalar. Alle elevar vert bedne om å følgje godt med, sjølv om det er påskeferie.

*Nytt 30.03: - Dagsplanane for enkeltdagane i veka etter påska, finn du her.

*Nytt 12.04:
Haram vgs går tilbake til GULT beredskapsnivå, med normal timeplan igjen, frå og med ONSDAG 14.april.

      

Skuleskyss

Når det gjeld skuleskyss, skal elevane bruke munnbind under transporten.

Dette er den enkelte sitt personlege ansvar, jf. krava frå Ålesund kommune til alle sine innbyggarar. Skulens elevar vil kunne få utdelt eit munnbind på skulen, så raskt denne leveransen vert levert skulen.

Ny informasjon om dette, kjem og om situasjonen endrar seg.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.