Digital jul på HVS
Ja, for i år vart juleavslutninga gjennomført på roleg vis, med samla klassar på kvart sitt klasserom. Men det stoppa ikkje kreativiteten!
Adventstida
Adventstida har hatt sin eigen lille julekalendar her på HVS - eller, i alle fall ei form for nedtelling inn mot juleavslutninga. For på INSTA har JULORAMA skapt spenning blant både elevar og tilsette; - kven skjuler seg bak kvar maske?
Inspirert av "Maskorama", ja, og veldig kreativt og flott gjennomført. Kikar du innom Instagram for Haram vgs, kan du jo vurdere sjølv. Begynn i rett ende, med den "gamlaste" svarte ruta, så kan du gjette, du og. Maskefall var i dag, på siste skuledag før jul. Mange har nok tippa rett heile vegen, men absolutt ikkje alle. Premier blir det til uttrekte vinnarar.
Vel gjennomført, og gratulerer til vinnarane.
Juleavslutninga 2020
Juleavslutninga i år vart og "via kabel og skjerm", som rektor sa i talen sin, men veldig koseleg - artig og koseleg!
Ønskjer du deg julestemning, bør du sette av ein halv time til Juleavslutning HVS 2020
Tusen takk for innsatsen, både dykk i 2ST, som sto for sjølve arrangementet,
og til alle bidragsytarar, intervjuobjekt og inspirasjonskjelder.
Og for oss som har sett den, tar vi gjerne ei reprise litt inn i jula!
No straumar ungdom, til fots og i bilar, ut frå HVS og skuleområdet.
Det er på tide å seie GOD JUL og SJÅAST PÅ NYÅRET.
Ha ei flott julefeiring, alle saman!