Er du ny HVS-elev?
Eit nytt skuleår nærmar seg!
Vi håper du har begynt å tenkje ut kva du helst vil gjere, og vere, til hausten.
Sjølv om vi som er her på HVS i desse tider føler vi er skikkeleg hardtarbeidande og så vidt kome midt inn i eit skuleår, nærmar vi oss søknadsfristen for neste skuleår.
Vurderer du å bli elev på Haram vidaregåande skule?
Vi har det ikkje så verst i skulekvardagen vår, og det vil vi gjerne formidle ut. Elevrådet og nokre elevar sette fokus på dette for eit par år tilbake. Det vart laga to små filmsnuttar som ønskjer å fortelje litt om korleis det er å vere elev på HVS. Elevane sjølve stilte som aktørar og Frode Færøy sto som profesjonelt ansvarleg for filmproduksjonen.
Kikk innom filmane våre for å få nokre glimt frå elevkvardagen på HVS
Utdanningstilboda på Haram vgs, finn du her.
Søknadsfristen kjem raskt no:
1. februar (tidleg inntak)
1. mars (ordinær søknadsfrist)
Vi vil gjerne ha deg på laget, så vi håper du vel deg til oss neste skuleår.
Velkomen til HVS!