Foreldremøte Vg1
FORELDREMØTE FOR VG1 HAUSTEN 2021
Foreldre/føresette som har elev ved VG1 her på skulen, er hjarteleg velkomne til foreldremøte torsdag 16. september.
Torsdag 16. september, kl.18:00
Foreldre/føresette møter på oppsette klasserom - sjå eigen informasjon i inngangspartia.
Bruk sprit-dispensarane ved inngangen og hald normal avstand frå kvarandre.
Takk, og velkomen til HVS!
Program:
1. Fellesinformasjon gjennom teams (blir vist ute på kvar klasse sitt klasserom)
Link til teams-møtet finn du ved å trykke her
2. Utdanningsprogramvis informasjon (gitt på same klasserom)
Kontaktlærarane leier møtet, arrangert på kvart klasserom
Det vil vere eit "live-event" i Teams, frå kl 18:00 - 18:15, halde av rektor/ass. rektor.
Her blir skulen presentert saman med ting som gjeld alle elevar, uavhengig av utdanningsprogram.
(For å kople deg på dette møtet, bruk linken i programoversikta over).
Kontaktlærar vil deretter overta og orientere om utdanningsprogrammet og elevgruppa generelt og om det som skal skje i gruppa utover i skuleåret.
Vi oppmodar foreldre til å kome med dei spørsmål dei måtte ha om Vg1, faga og skulen generelt.
Dersom foreldre/føresette har spesielle ting dei ønskjer å drøfte med kontaktlærar, bed vi om at dei tek kontakt med vedkomande etter møtet.
Nær kontakt mellom skule og heim er viktig for oss.
Vi ser det som svært viktig at heim og skule har regelmessig kontakt gjennom foreldremøte. Heimen kan då få informasjon om eleven sin skulekvardag, og skulen på si side kan motta opplysningar som er verdifulle når vi skal leggje opp undervisninga for eleven. Dersom de som foreldre/føresett har ting de ønskjer å snakke om, må de ikkje vere redd for å ta kontakt med skulen også utanom desse foreldre- og kontaktmøta.
Etter planen blir det to kontaktmøte for Vg1-elevane, eitt i november og eitt på nyåret der foreldre/føresette får høve til å samtale med kontaktlærar og/eller faglærar etter avtale på førehand. I månadsskiftet januar/februar blir det dessutan arrangert eit orienteringsmøte om Vg2 Studiespesialisering der ein informerer om fag og fagval, reglar for studiekompetanse, opptakskrav til høgare utdanning etc.
Er eleven fylt 18 år?
Vi gjer elles merksam på at når det gjeld elevar som er fylt 18 år, har skulen teieplikt også overfor foreldre/føresett dersom eleven ikkje har gitt skulen melding om noko anna. Ønskjer eleven å gi oss slikt løyve, bed vi han/ho skrive under på eit samtykkje hos sin kontaktlærar.
VELKOMEN!