Hemningslaus russefeiring - kven bryr seg?
Seksuelle overgrep, rus, fråvær, ekskludering og gjeld. Vi høyrer om det, vi les om det, men tek vi realiteten inn over oss?
Ein usminka podkast om russefeiringa. Anbefalt for alle som planlegg å vere russ og for foreldra deira.
Ein podkast å høyre
- Foreldre; wake up! seier politiet i denne podkasten.
- Eg er overraska over at 18-åringar synest at dette er gøy, seier ein russ om russerebusen.
- Dette må skje i tett kontakt med ungdomane sjølv, seier kompetansesjefen om å endre russefeiringa.
Dei som er med:
- Helsesjukepleiar Maja Aurstad ved Romsdal vgs
- Miljørådgivar Kjetil Kirkevåg ved Romsdal videregående skole
- Richard Merlid forebyggende koordinator i Politiet
- Kompetansesjef i fylkeskommunen Kariann Dimmen Flovikholm
- Niels Leenders som er nestleiar i ungdomspanelet i Møre og Romsdal
- Emma Sylte Austad som er russ ved Romsdal vgs dette skoleåret
Her er lenke til den tankevekkande podkasten - sjekk ut FRAMPÅ.
Du kan også høyre episoden der du ellers høyrer podkast;
Spotify, You Tube, Apple Podkast mm. Søk etter Frampå.
(Produsert i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, KON-Kompetanse- og næringsavdelinga)