Kjenner du til ung.no ?
Ung.no er det offentlege sin informasjonskanal for ungdom.
Her vil dei gje deg informasjon om dine rettar, moglegheiter og plikter.
Nettstaden inneheld det meste som gjeld for unge menneske.
Det kan vere informasjon om ting du lurer på knytt til personlege ting (t.d. kropp, venskap, kjensler, sjukdommar eller liknade), eller kanskje familieforhold, sosiale relasjoner og utfordringar (direkte/på nett), skule- og studiesituasjonar. Det er og informasjon knytt til lovverk og ungdommar sine rettar og pliktar i ulike samanhengar.
Ja, alle ting ein plutseleg kan begynne å fundere over.
Nettstaden har gode artiklar om mange tema, så gå inn og sjekk, om du skulle lurer på noko. Du finn mest sannsynleg eit svar på det du lurer på der inne.
Det er og mogleg å spørje om ulike ting. Dette gjer du via chat-funksjon, eller rett og slett søkjer og får opp svaret, fordi andre har spørt før deg. Slikt ligg under "Spørsmål og svar".
Nettstaden har ein god søkje-funksjon, så det er lett å skaffe seg den informasjonen ein leiter etter.
Litt reklame, altså, for ei god informasjonsside.
Bruk ho!