Vidare handtering i Covid-situasjonen?
Informasjon til elevar og føresette.
F.o.m. 12. februar opphevar regjeringa påbodet om å ha ein smittevernfagleg forsvarleg drift i tråd med covid-19-forskrifta. Det betyr at barn, elevar og tilsette kan gå tilbake til ein meir normal barnehage- og skulekvardag.
Kva gjeld no?
Føresette/elevar skal ikkje lenger gje melding til skulen via Forms om det oppstår smitte.
Elevar over 18 år/føresette til elevar under 18 år skal gje kontaktlærar beskjed når elevane av ulike grunnar ikkje er på skulen, slik normal prosedyre skal vere etter reglementet. Skulen er heller ikkje lenger med i eit innmeldingssystem til kommunen.
Det er framleis anbefalt at ein er heime om ein er reelt sjuk.
Skulen vil ikkje leggje ut fleire informasjonsartiklar knytt til covid19 etter denne, med mindre det kjem nye føringar.
Leiinga ved Haram vgs vil takke for det arbeidet de alle har lagt ned for å halde smittetrykket på skulen nede. Flott innsats av både elevar og tilsette!
Framover blir det oppfordra til å følgje råda under.
Råd om smittevern:
• Ha god hand- og hostehygiene
• Følg vaksinasjonsprogrammet
• Test deg ved symptom. (Ikkje lenger naudsynt å teste seg dersom du ikkje har symptom).
• Ved positiv koronatest bør vaksne halde seg heime i fire dagar.
• Ta kontakt med legen din dersom du er bekymra for eigen helse eller for barnet ditt.
Inkludert i dette, Ålesund kommune ønskjer framleis at de melder positive hurtigtestar til kommunen på denne linken: https://pasient.remin.no/aalesund
Lurer du framleis på noko?
Smittesporingsteamet sender ut informasjon via SMS. Ved ytterligere behov for informasjon, ring koronatelefonen på 70162000 (mån-fre, 0900-1500).
Om de har spørsmål til Haram vidaregåande skule må de gjerne kontakte oss