Korona-situasjon, haust 2020

Vi håper alle i skulesamfunnet gjer sitt for å begrense smittespreiing.

Hald dykk oppdaterte, og vis omsyn.

Skriv ut

Alle skular har hatt ordinær undervisning frå skulestart dette skuleåret, men gjennomfører undervisning og aktivitetar i tråd med gjeldande råd om smittevern i Noreg.   

Råd om smittevern

Dei grunnleggjande smitteverntiltaka er:

  1. Sjuke personar skal halde seg heime
  2. Ha god hand- og hostehygiene
  3. Forsterka reinhold
  4. Kontaktreduserande tiltak   

Regjeringen informerer

(Oppdatert informasjon om smitteverntiltak for skoler, utsendt 05.11.20.)

Skular skal følgje gult nivå i trafikklysmodellen, med mindre helsemyndigheitane avgjer noko anna. Det er og ope for at kommunehelsetenesta skal kunne avgjere kva for nivå den enkelte skule skal følgje ut ifrå kor mykje smitte det er lokalt. Om naudsynt kan skular bli flytta over til raudt nivå.

Det er likevel presisert at det skal vere ein høg terskel for å stenge skular, og raudt nivå betyr at skulane framleis skal vere opne.  Les oppdatert informasjon om smitteverntiltak .

Nyttig link elles er informasjonsside for foreldre på Regjeringen.no/foreldreinfo .

Lokale tiltak på HVS

Dato: 17.08.20

  • Skulen har eit forsterka reinhald.Vi ber i tillegg alle brukarane av skulen hjelpe til med å halde orden og vise respekt for det viktige arbeidet reinhaldarane vår gjer. Det er elles ein felles dugnad på gong. Målet er å klare å ha ein så normalisert skulekvardag som mogleg. 
  • Bruk sprit-dispenserane ved inngangane kvar gong du kjem inn eller går ut.
  • Økt fysisk avstand, 1-meters-regelen, gjeld i korridorar og fellesareal.Ein veit dette reduserer moglegheita for smitte, også før symptom på sjukdom oppstår.
  • Hostehygiene - pass på den og.Slik avgrensar du dråpesmitte, og her kan berre du passe på deg sjølv.
  • Unngå å  ta på ting som du ikkje skal bruke!Dette er noko som gjeld både i klasserommet og elles - for slik hindrar du indirekte kontaktsmitte.

I kantina må ein følgje dei føringane som er lagt for denne - ver venleg å IKKJE flytte på møblementet, då dette er sett ut i system som stemmer med smittevernsføringane vi følgjer.

 

Endringar i råd om når ein må vere heime ved sjukdom

Dato: 26.08.2020

Elevar og tilsette som har milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle skal ikkje møte på skulen, men halde seg heime til allmenntilstanden er god.

Elevar og tilsette kan kome tilbake til skulen når dei kjenner seg friske og feberfri, sjølv om dei fortsatt har nokre symptom på luftveisinfeksjonar. Det same gjeld om ein testar seg for covid-19 og resultatet er negativt. Då stiller ein på skulen igjen.

   

Midlertidige fraværsregler er fastsatt

Dato: 26.08.2020 - Oppdatert 30.10.2020

Ordinært regelverk for fråvere i skulen seier at elevar som har eit fråvere på over 10 % i eit fag, vil kunne miste karakteren i faget om ikkje fråveret kan dokumenterast med legeerklæring eller liknande.

Denne regelen er no midlertidig justert (30.11.20).
Frå og med måndag 24. august og ut skuleåret 2020-2021 slepp elevar å dra til fastlege for å få dokumentert fråveret sitt. Elevar med milde symptom på luftvegsinfeksjon skal halde seg heime. Men, dei pliktar å følgje opp skulearbeidet sitt dersom dei er friske nok til det. Både elevar og skulen må vere medviten at læring skal skje og eit vurderingsgrunnlag må på plass.

Kjelde: Regjeringen.no

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.