Korona-situasjon, januar 2021

Regjeringa har meldt at ungdomsskular og vidaregåande skular kan gå tilbake til GULT NIVÅ frå onsdag 20. januar. 

Skriv ut

Ver vennlege å halde fram med dei viktige smittevernsrutinane våre, og det er framleis fint om den enkelte vel å vandre MINST MOGLEG i korridorane så lenge smittevernstiltaka må gjelde.

Takk!

(Nyaste informasjon ligg øvst i denne artikkelen. Alle vedlegg finn du nederst).
..............................................................................................................................................

Dato: 20.01.21

Haram vgs. går tilbake til GULT NIVÅ frå og med  onsdag 20. januar.  

Det betyr at alle elevar skal møte på skulen onsdag 20.januar. Vi følgje normale timeplanar og romplanar. 

Ulike aktivitetar, besøk og informasjonsøkter vil og gå som normalt.

Velkomen tilbake til HVS!

..............................................................................................................................................

Dato: 05.01.21

Raudt nivå fortset!

Alle vidaregåande skular og ungdomsskular går over til raudt nivå måndag 4.januar.
Dette varer fram til ny beskjed kjem ut 18.januar.
(Regjerningen.no)

 

Oppmøteplan for veke 1-2, 2021

Frå onsdag 6. januar opnar HVS delvis opp og startar undervisning på skulen for eit utval klassar. Dette held fram i veke 1, 2 og mån.18. og tys.19. januar i veke 3.

Skulen skal ha omlag 50% total belastning i desse to vekene og klassane er bedne møte slik oppmøteplanen til høgre viser. Kontaktlærarane informerer klassane sine! Skulen følgjer ordinære timeplanar per dag, anten det er undervisning på skulen eller digital heimeundervisning. Fellesareal vil i stor grad bli stengt, men vi har eit mål om at kantina skal vere open for kjøp av mat og drikke. Det viktigaste er at det skal vere moglegheit for å halde 1m avstand uansett kor ein er i bygget.

Klasseromsfordeling er det oppslag om.
Lærarar som har store klassar må vere budd på at elevane kan bli fordelte på fleire klasserom eller i auditoriet. Delingane skjer da helst etter klasse-kohortar, men det vil den enkelte lærar/gruppe få beskjed om vi romplanane. Om alle orienterer seg godt og er smidige, vil dette fungere fint.

NB!
Ny, forbetra Beredskapsplan-raud er utarbeidd. Les den! Den ligg vedlagt nedst på sida.

..............................................................................................................................................

Dato:03.01.21

Vgs på raudt nivå.

Alle elevar på HVS skal ha heimeundervisning både måndag 4. og tysdag 5. januar! Merk at dette no gjeld for to dagar, ikkje berre ein.

Det vert HEIL-digital undervisning begge dagar, der lærarane møtar dykk på Teams i "sann tid" etter timeplanen.

Startar med TO digitale dagar
Dei to første skuledagane etter juleferien vert diverre ikkje gjennomført på skulen. Det er naudsynt å ha eit par dagar med heil-digital undervisning for å få tid til å planlegge overgangen til raudt nivå. Dagane følgjer timeplanen til den enkelte klasse, slik kontaktlærarane no har informert dykk om. Vi forstår at dette kom brått på, så lærarane vil leggje opp undervisninga på ein slik måte at ein ikkje treng lærebøkene denne første dagen/dei første dagane. Etterkvart vil nok alle få tak i det dei treng, så ikkje stress unødig. Viktigast er at du er oppkopla på Teams og følgjer den undervisninga som ert gitt der.

Til informasjon er skulen ope kl.08:00 - 15:30 for henting av skulebøker eller anna utstyr. 
Vis omsyn om du kjem til skulen; - bruk sprit-dispensaren på veg inn/ut og hald alltid minimum 1-meters avstand til dei du eventuelt møter i skulebygget.
  

Nye, detaljerte time-/vekeplanar kjem
Når planene er klare, vil alle elevane få informasjon om når den enkelte klasse skal få undervisning på skulen og når det vert heimeundervisning. Desse planane vert lagt ut her på heimesida. Informasjon vert og gitt direkte ut av kontaktlærarane til elevane i dei respektive klassane. Mogleg meir informasjon kjem ut i løpet av måndag 4. januar, så følg med!

Vi gjer og merksam på at så lenge skulen er pålagt "Raudt nivå", vil alle måtte bruke tildelte inngangar og opphalde seg i soner.

Og hugs; 1-meters-regelen gjeld for alle. Ta omsyn.

 
Adm.