Kvardagen på HVS
Haram vgs ønskjer å tilby alle elevane på skulen ein spennande og god skulekvardag. Her er nokre biletglimt frå kvardagen, tatt litt etter skulestart hausten 2022.
Utdanningstilbod ved Haram vgs
Skuleåret 2022-2023 er klassane på dei ulike utdanningsprogramma for det meste fullsette.
Det er flott av fleire grunnar;
- skulemiljøet vert større, og du får høve til å bli kjent med fleire
- fagtrykket i ein klasse blir ofte betre når fleire er med i diskusjonar og refleksjonar
- fagtilbodet ved skulen blir breiare og har god fleksibilitet
- fleire kan hjelpe kvarandre til å bli gode
Skulen har eit godt miljø, men lærarar som er nært på elevane. Trass alt er ikkje miljøet større enn at alle kjenner alle, her på HVS, og det er viktig at alle blir sett og alle trivst. Bare da kan det bli god læring.
Sjekk ut utdanningstilboda ved skulen her
Mykje skjer!
Dagane går fort, det er mykje som skal lærast og følgjast opp. Men det skjer og mykje kjekt på Haram vgs. Det prøver vi å dokumentere via sosiale medium.
I undervisninga er kreativiteten til både lærargruppa og elevane høg. Læring kan vere både strevsamt og artig, ofte til og med begge deler på ein gong.
Elles har skulen høg reiseaktivitet i inn- og utland. Kanskje mest det siste!
På alle utdanningstilbod prøver skulen tilby ei reise i løpet av åra på akkurat den linja. På Studiespesialisering, kan ein få med seg fleire reiser. Det ser vi elevane set pris på, og lærerikt er det også.
Dette kan ein følgje med på HVS-INSTA og HVS-FB.
Vil du vere HVS-elev?
Legg inn søknaden din på vigo.no innan fristen 1 mars.
Uansett kva du vel, ønskjer HVS deg lukke til med valet ditt i vidaregåande skule.
Hugs fristen!
Avgangselevar!
Snart er du klar for neste steg.
Nokon av dykk har søkt på læreplass og held kanskje allereie på med intervju-runder og slikt. Lukke til i denne prosessen!
Andre har begynt å planleggje vidare studie - hugs fristen til Samordna opptak den 15. april.
Meir informasjon om tidsfristar og søkjesystemet finn du på linken Samordna opptak
Spennande tider!