LEKSEHJELP og ELEVKVELD
Forleng enkelte skuledagar litt!
HVS startar opp med leksehjelp. Det varierer frå veke til veke kva kveldar ein nyttar, men tidspunktet er kl.1430-1600. Ein plan for kvar veke ser du under.
Leksehjelp
Spørsmåla har kome, frå alle tre nivå; - vert det leksehjelp i år?
Og det blir det, i matematikk fyrst og fremst.
Tilbodet vert i veke 47, 48 og 49. Vi held til oppe på rom 230, 2.etg.
Veke 47: Tysdag 22.11. og onsdag 23.11.
Veke 48: Måndag 28.11 og onsdag 30.11.
Veke 49: Tysdag 06.12. og onsdag 07.12. Og ekstraøkt også torsdag 08.12.
Det vil det vere matematikklærar tilgjengeleg i dei oppgitte tidsromma. Dette er eit godt tilbod, som vi håper dykk alle vurderer å bruke.
NB!
Sjølvsagt mogleg å gjere anna skulearbeid også her på skulen i dei same tidsromma, men då utan faglærar til stade.
Ha ein plan for leksearbeidet ditt desse øktene, så skal du sjå du gjer framsteg fagleg.
Lukke til!
Elevkveld
Elles vil vi minne om elevkvelden på torsdag 24.11.22. Startar opp kl.15:00 og varer litt utover kvelden.
Ikke kvar dag ein får tilbod om møtast slik på ID-huset, med gratis film og mat.
Meld dykk på da vel. QR-kode på eigne oppslag i korridorane på skulen.