Nytt frå podkasten FRAMPÅ:
I podkasten Frampå spør dei denne gongen om kva som er gjort for å skape ei tryggare og meir inkluderande russefeiring.
Bakgrunnen for spørsmålet er avsløringa av korleis russefeiring i fjor vart gjennomført, og kor ille det etterkvart utvikla seg til å bli, for mange.
I fjor tok difor SLT-koordinatoren (SLT står for samordning av lokale rus og kriminalitetsforebyggende tiltak) kontakt med fylkeskommunen om å sette i gang eit pilotprosjekt mellom ulike etatar, og mellom kommune og fylkeskommune. Eit samarbeid og eit pilotprosjekt som alle har tatt på alvor og som ein no håper skal munne ut i ei betre, og positiv russefeiring, for alle.
Les meir på fylket si nettside: Har trua på ei tryggare russefeiring
Høyr sjølve podkasten her
Og alle foreldre, ikkje gløym at også du kan stille opp og gjere russefeirnga tryggare for ungdommen vår. Alle føresette kan melde seg som foreldrevakter på Flatholmen. Interessert?
Meld deg på her .
................................................................................................................................
Kven er FRAMPÅ?
Frampå er Møre og Romsdal fylkeskommune sin eigen podkast.
I podkasten Frampå skal ein snakke om det som skjer i fylkeskommunen, om rolla som regional utviklar og det å vere ein del av demokratiet. Og det vert også om dei mange ulike oppgåvene i samspelet med kommunar, næringsliv og organisasjonar.
Kvar månad vil det kome nye episodar.
.................................................................................................................................