Omlegging av skuleskyss, rute 231
Det vert omlegging av skuleskyss på rute 231, kl. 14:35 frå skulane i Brattvåg, frå førstkommande måndag 12 september.
Årsak til dette er kapasitetsutfordring og dimensjoneringsplikt.
(NB! Om utfordringar oppstår med skysskortet på generell basis, bruk meldeskjema via QR-koden nederst på sida her).
Omleggig av rute 231
Omlegginga betyr at bussen som fram til no har gått via Slyngstad, vil gå via Hildre/Søvik for å sikre at alle får plass i bussane.
Presisering som gjeld elevar på Haram vgs:
- Elevar med avstigning Alvestad – Hildre - Skjeltene – Gamlem – Terøya - Søvikhagane og Hamnsund, tar buss merka «231 Hildre-Terøya-Søvikhagane».
- Merk at denne køyrer ned til Hamnsund.
- Denne tar alle stopp mellom Reiten og Søvikhagane, samt nede på Hamnsund.
- Elevar med avstigning Søvik skule – Grytastranda (ikkje Hamnsund), tar buss merka «231 Søvik-Grytastranda».
- Første stopp er Søvik.
Dette for å ta ned reisetida for elevane som skal til Grytastranda.
- Rutebussane til Finnøya, Moa, Brattvåg ferjekai og Hellandshamn vert uendra!
Vi håper dette vert ei grei ordning for alle involverte.
Feil på busskortet ditt?
Under ligg eit dokument med ein QR-kode, som viser direkte til eit kontaktskjema som elevar skal sende inn om dei opplever at det er noe feil med skoleskysskortet. Meldinga vil gå direkte til FRAM, då dette er ei sak mellom elev og FRAM, ikkje skulen.
FRAM ber om at elevane nyttar seg av denne melderutina om problem oppstår.
TAKK!
FRAM – driftsseksjonen