Oppmøteplan 6. - 14. april
Til elevar og lærarar.
Da er planen for undervisninga i dei to første vekene etter påske klar. Det vert ein kombinasjon av undervisning på skule og digital heimeundervisning fram til onsdag 14.april.
Beredskapsplanane til skulen er og oppdaterte etter gjeldande retningsliner.
Klassar møter på skulen slik dagsplanane nederst viser
Alle klassane skal vere inne på skulen minst 2 dagar per veke, helst tre. Dette gjeld ikkje for 1TT og 2TT, som berre får arbeidsdagane den første veka.
Vi ber alle elevar følgje godt med, og møte på skulen, på rett klasserom, dei dagane som klassen er tildelt. Dei resterande dagane vert det gitt digital heimeundervisning. På desse heimedagane er kvar elev pliktig til å møte på Teams og følgje opp det opplegget den enkelte faglærar gjev.
Det er tatt omsyn til alle prøver og til romsituasjonen på skulen.
NB!
Om det kjem ut beskjed om at Ålesund kommune vert overført til gult nivå frå tysdag 13.04, vil skulen gå tilbake til ordinær timeplanen allereie onsdag 14.04 (med andre ord, då fell dagsplanen for onsdag bort).
Kantina er open for sal av mat og drikke.
Legg merke til kva tid dei enkelte klassane skal ha matfri. Det er gjort enkelte forskyvingar for å unngå kø og opphoping. Dette er det informert om i dagsplanane.
Fellesareal i bibliotekområdet er stengt.
Har ein fritimar, bruk klasserom eller romma bak biblioteket. Følg internrutinene for smittevern.
Bruk rett inngang når du kjem og går.
Og hugs å sprite både deg, arbeidsflater og stolen din, slik gjeldande rutiner har vore ei stund no. Prøv og å vandre minst mogleg, av omsyn til deg sjølv og andre i skulebygget.
Raud beredskapsplan inntil vidare
HVS følgjer raud beredskapsplan denne første veka og fram til onsdag 14.04.
Da går vi over til gult nivå om ikkje ny beskjed blir gitt (jf. NB!-punktet over).
Viktig!
Pass og på å levere faglege produkt til fristane framover, slik at ingen av dykk kjem i den uheldige situasjonen at der ikkje er vurderingsgrunnlag i eit eller fleire fag. Forbli fagleg fokusert, så blir læringsutbytte ditt bra og ting kan gå greit, trass ustabil situasjon og stadige endringar.
Fortsatt GOD PÅSKE, og velkomen tilbake etter nokre feriedagar.