Prøver og heildagsprøver

Det er viktig å ha oversikt for å kunne førebu seg på ein god måte. Likedan er det viktig å få fordelt arbeidstrykket slik at stressnivået ikkje vert for høgt. Difor er følgjande planar utarbeidd for at du som elev skal ha kontroll på skulekvardagen din framover.

Skriv ut

Heildagsprøveplanen er klar for våren 2021.

Oversikta gjeld for alle klassar ved skulen.
Det er tatt omsyn til at nokon elevar skal opp til privatisteksamen og avgangselevane skal ha munnleg eksamen.

Prøveplanar

Detaljerte prøveplanar er og ferdigstilt. Desse finn du alltid under Nyttig informasjon, men vi publiserer dei samla her for å vere sikker på at alle finn dei no i starten.

Lukke til med det vidare læringsarbeidet!