Søkje vidaregåande opplæring?
Då er tida der!
Det er no opna for å søkje seg inn til vidaregåande opplæring for skuleåret 2022-2023.
Vidaregåande opplæring
1. mars - ordinær søknad
Fristen for å søkje er 1. mars, men legg gjerne inn søknaden før!
Du kan registrere, og endre, søknaden din fram til denne fristen inne på vigo.no
1. februar
For deg som har fortrinnsrett eller krav på individuell vurdering, er søknadsfristen 1. februar.
Dette er også søknadsfrist for formidling til læreplass for lærekandidatar. Begge delar krev at du har kontakt med PPT i forkant. Skulen din vil hjelpe deg å søkje.
Les meir om fristar, dine rettar og anna på heimesida til fylket:
https://mrfylke.no/nyheiter/no-kan-du-soeke-vidaregaaande-opplaering
Søkje
Det gjer du via vigo.no .
Vedlagt ligg Tilbodshefte til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal for skuleåret 2022-2023. Der er det mykje nyttig informasjon og gode oversikter. Bruk og vilbli.no når du orienterer deg.
Og hugs at du må søkje for kvart år i den vidaregåande skulen.
Kva tilbyr vi ved Haram vgs?
Klikk deg gjerne inn på dei ulike utdanningsprogramma vi har på skulen. Desse er godt presenterte her på heimesida vår. Tidlegare elevar har laga fine introduksjonsfilmar som fortel deg litt om både utdanningsprogramma og miljøet på skulen. Vi ser deg gjerne i elevflokken på HVS neste skuleår!
Eller har du lyst på eit annleis og spennande skuleår i Skottland?
No kan elevar som går Vg1 studiespesialiserande søke om å ta andre året i Skottland via Haram vgs. Les meir om sjølve opplegget og vil du vite korleis du kan søkje, klikkar du her.
Du finn og informasjon om Skottlandstilbodet i tilbodsheftet til Møre og Romsdal fylkeskommune (sjå Dokument lenger ned) eller i utdanningstilbod ved Haram vgs.
Lukke til med utdanningsvalet ditt!