Sommarinformasjon
Her er informasjon som gjeld i sommarmånadane fram til skulestart.
Vi ønskjer alle elevar, tilsette og samarbeidspartnarar ein flott sommar!
Skulen vil ha bemanning gjennom sommaren.
Ekspedisjonstid, kl.10-14.
Om ein vil besøke skulen, avtal tid på førehand på e-post eller telefon.
Er sentralbordet forhindra i å ta telefonen, kontakt skulen via e-post: haram.vgs@mrfylke.no så tek skulen kontakt.
Kontaktinformasjon (klikk deg dit, om du treng meir detaljar)
Inntak til skuleplass
Alle som har søkt skuleplass, vil i løpet av første veka i juli få svar via SMS frå inntak i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Hugs det er viktig å svare, og også at du takkar JA, sjølv om du ikkje får førstevalet ditt! Om dette gjeld deg, velg då JA til plass og så JA til å fortsatt stå på ventelisteplass. Då har du framleis håp om å kome inn på ditt høgare ønskje.
Inntak har kontrollen både over førsteinntaket og andreinntaket. Først når denne prosessen er ferdig, tar skulane over arbeidet med inntaket. Dersom det blir ledige plassar i nokon av klassane våre, tek vi umiddelbart kontakt med søkjarane som står på fylkeskommunen sine ventelister, deretter går vi over på våre egne lister over etteranmeldte søkjarar.
Lurer du på noko i høve inntaket, sjekk heimesida til fylket.
T.d. kan «Ofte stilte spørsmål om søking» gje deg svar på det du lurer på.
For alle Vg1-elevar er det viktig å raskt gå inn på Skolestart-Møre og Romsdal og registrere fagval (Vg1ST-elevar), bestille skule-PC og oppgje andre opplysningar som fylket treng før skulestart.
Skulestart etter ferien
Skulestart for elevar er lagt til måndag 22. august i veke 34.
Oppmøteplan for elevar:
Kl.09:00: Vg1-elevar møter i auditoriet
Kl.10:30: Vg2-3 møtar opp, også i auditoriet
Seinare i veka:
Vg3TT møter opp onsdag 24. august, kl.08:00 ved auditoriet.
Vg4TT møter opp torsdag 25. august, kl.08:00 ved auditoriet.
Meir informasjon knytt til skulestart finn du her.
Pedagogisk personale
Pedagogisk personale startar med planleggingsdagar i veke 33 (mån.15. - fre.19.08.22).
Alle må melde seg på fagkurs på ekstern kursdag innan dei gitt fristane (påmelding via Intranett-Kalender).
Nyt sommaren,
og velkomen til HVS igjen i august.