Støtte til ungdomstiltak?
No kan du søke støtte til ungdomstiltak!
Fristen for å søke på neste tildeling av ungdomsmidlane er 1. april.
Kvart år deler Ungdomspanelet i Møre og Romsdal ut kr 250 000 til ulike prosjekt for ungdom rundt om i fylket.
- Vi oppfordrar alle til å søke på ungdomsmildlane. Det er ei fantastisk ordning som absolutt alle som kan, bør benytte seg av, seier Hedda Haugen, som er leiar av Ungdomspanelet.
- Held du på med noko som du treng økonomisk støtte til? Treng du pengar til til dømes utstyr til ungdomsklubben, paintballbane eller noko heilt anna? Søk da vel!
Dei siste åra har ungdomspanelet delt ut pengar til ulike aktivitetar og gode føremål, slik som nytt utstyr til eit handarbeidsrom, til bordtennisbord og musikkutstyr. Teateroppsetjingar har fått støtte og det er gitt midlar til ladestasjon for el-syklar. For å nemne noko.
Har du ein god idé du gjerne vil setje fart på? Da er tida inne for å gjere noko med det.
Les meir, og finn søknadsskjema og kontaktinformasjon, på fylket si nettside via Snarvegar (sjå under).