Utdanningsval - Hospitering
I veke 46 gjer vi klar til UTDANNINGSVAL.
Elevar og lærarar ser fram til å vise korleis elevkvardagen er her på Haram vidaregåande skule.
Alle 10.klassingar i nærskulane, og frå andre skular i fylket, er velkomne til Haram vgs for ein dag eller to med hospitering på eit valt utdanningsprogram. Kvart utdanningsprogram har laga til ein eigen timeplan for dagen, slik at du som kjem på besøk får vere med på fagopplegg knytt til dei spesifikke faga HVS-elevane har på denne linja.
Håper det vert artige, spennande og lærerike dagar, som gjer valet ditt for vgo til våren litt lettare.
Oversikt over program for veka:
Onsdag 16. november - YSK/TAF-besøk
Kl. 09:00 Oppmøte, med velkomstinfo i auditoriet
Kl. 09:35 Fellesfag med YSK-2TT
Matfri - lunsj i kantina
Kl. 11:30 Programfag for YSK, ein smakebit
Kl. 14:30 Slutt for dagen
Torsdag 17. november
Kl. 08:05 Oppmøte, med velkomstinfo i auditoriet
Kl. 08:30 Opplegg ute på valt utdanningsprogram (eigen timeplan)
Matfri - lunsj i kantina
Kl. 11:30 Opplegg ute på valt utdanningsprogram fortset
Kl. 14:30 Slutt for dagen
Fredag 18. november
Kl. 08:05 Oppmøte, med velkomstinfo i auditoriet
Kl. 08:30 Opplegg ute på valt utdanningsprogram (eigen timeplan)
Matfri - lunsj i kantina
Kl. 11:30 Opplegg ute på valt utdanningsprogram fortset
Kl. 14:30 Slutt for dagen
VELKOMEN!