Vidare handtering i Covid-situasjonen?

Informasjon til elevar og føresette.
  

F.o.m. 12. februar opphevar regjeringa påbodet om å ha ein smittevernfagleg forsvarleg drift i tråd med covid-19-forskrifta. Det betyr at barn, elevar og tilsette kan gå tilbake til ein meir normal barnehage- og skulekvardag.

Skriv ut

Kva gjeld no?

Føresette/elevar skal ikkje lenger gje melding til skulen via Forms om det oppstår smitte.

De skal gje kontaktlærar beskjed når de av ulike grunnar ikkje er på skulen, slik normal prosedyre skal vere etter reglementet, men skulen er ikkje lenger med i eit innmeldingssystem til kommunen.

Det er framleis anbefalt at ein er heime om ein er reelt sjuk.

Elles så vil vi takke for det arbeidet de har lagt ned for å halde smittetrykket på skulen nede. Flott innsats av både elevar og tilsette!
  

Framover blir det oppfordra til å følgje råda under.

Råd om smittevern:
•    Ha god hand- og hostehygiene 
•    Følg vaksinasjonsprogrammet 
•    Test deg ved symptom. (Ikkje lenger naudsynt å teste seg dersom du ikkje har symptom). 
•    Ved positiv koronatest bør vaksne halde seg heime i fire dagar.
•    Ta kontakt med legen din dersom du er bekymra for eigen helse eller for barnet ditt.

Inkludert i dette, Ålesund kommune ønskjer framleis at de melder positive hurtigtestar til kommunen på denne linken: https://pasient.remin.no/aalesund 

   

Lurer du framleis på noko?

Smittesporingsteamet sender ut informasjon via SMS. Ved ytterligere behov for informasjon, ring koronatelefonen på 70162000 (mån-fre, 0900-1500).

Om de har spørsmål til Haram vidaregåande skule må de gjerne kontakte oss

Dokumenter

Kontakt