Yrkesval - kva skal ein bli?
Det er ofte vanskeleg å ta val.
Enda vanskelegare å ta eit utradisjonelt yrkesval.
Særleg gjeld dette om ein er ungdom i eit anna land enn der foreldre vaks opp, og det er ulike kulturelle forventningar inne i bilete i tillegg.
Gjeld dette deg, kan denne artikkelen kanskje vere til nytte?
Forventning kan vere så mykje, men alltid noko ein må forholde seg til. Dette kan føre til at ungdom ikkje alltid tar frie val i overgongen til vidaregåande opplæring, og dermed startar på opplæring i yrke dei ikkje har interesse for, eller ikkje meistrar.
MiR (Mangfald-Inkludering-Respekt) er eit nettverk av og for føresette, barn og unge, uavhengig av etnisk og sosial bakgrunn. Dei ønskjer å bidra med informasjon, også inn mot utdanningsval, og har laga filmen «Det Vanskelige Valget» . Den set fokus på kva ungdom og deira foreldre kanskje bør tenke på når dei skal velje utdanning og yrke. Mogleg du er i målgruppa anten du er norsk eller er ny i Noreg.
Filmen er for både ungdom og foreldre. Den er teksta på ulike språk, noko som kan vere til hjelp for dei som treng det. Linken fører deg til nettsida til MiR, der du sjølv vel tekstinga. Alle samtalar er på norsk.
"Det vanskelege valet" - ein film for deg som kanskje vil velje noko anna enn det som er tradisjonelt.
Lukke til med utdanningsvalet ditt!