Korleis søkje

Skal du søkje vidaregåande opplæring?

For å bli elev hos oss på Haram vgs må du søkje gjennom portalen for vidaregåande opplæring, vigo.no.

Her på skulen si nettside, vil  du finne meir informasjon om utdanningstilboda du kan søkje på her hos oss. (Sjå framsida under Utdanningstilbod).

I tillegg har Møre og Romsdal fylkeskommune laga eit oversiktleg tilbodshefte med informasjon om tilboda ved alle vidaregåande skular i fylket og det du elles treng å vite for å søkje skuleplass.

Linken "Sjå alle utdanningstilbod her" fører deg til nettsida til fylket og sjølve heftet. Det lønar seg å kike gjennom dette!

Viktige søknadsfristar og datoar for skuleplass i Møre og Romsdal fylke finn du på  vilbli.no

Søknadsfristar:

1. mars er ordinær søknadsfrist for inntak til vidaregåande skule og formidling til læreplass.

1. februar er søknadsfrist ...

  • ved søknad om fortrinnsrett (A-skjema må fyllast ut)
  • for søkjarar som har enkeltvedtak om særskilt språkopplæring
  • for søkjarar som nyleg har kome til Noreg
  • ved søknad om individuell behandling (A-skjema må fyllast ut)
  • ved søknad om formidling til læreplass for lærekandidater

Ulike skjema som skal nyttast i tillegg til vigo-nettsøknaden, finn du her.

Har du spørsmål til skulen, er det berre å ta kontakt.

 

Ønskjer du jobb ved skulen?

Eventuelle ledige stillingar vert lyste ut via skuleeigar, Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Meir informasjon: Fylkeskommunen som arbeidsgjevar

Har du spørsmål til skulen, ta kontakt.

 

Snarvegar