Alternativ opplæring

Dette er et tilbod til elevar med rett til spesialundervisning, og som har behov for omfattande tilrettelegging utover det som ein gir i ordinære klasser. Behovet er grunna i sterkt nedsett psykisk og/eller fysisk funksjonsevne som gjer at ein ikkje vil få høveleg god nytte av eit ordinært utdanningsløp.

Det alternative opplegget vil bli utarbeidd i samråd med elev, føresette og hjelpeinstansar (t.d. PPT), og målet er å gje ei opplæring i vidaregåande skule som er til beste for eleven på både kort og lang sikt. Kva for utdanningsprogram (klasse) eleven vil følgje, kjem an på kva interesser og framtidige mål ein ser for seg. Eleven søkjer seg inn på eit utdanningsprogram og så vert opplegget for den vidaregåande opplæringa justert og tilpassa eleven sine evne og behov i forkant av skulestart.

Dei tilsette på skulen er spesialpedagogar, faglærarar, vernepleiarar og fagarbeidarar, og vi har eit tett samarbeid med PPT og andre instansar.

Mål for opplæringa: 

Det langsiktige målet er at eleven skal bli mest mogleg sjølvstendig på skulen, heime og i fritid og å få utvikle sine evne slik at han/ho kan få eit godt liv.

Den enkelte elev vil få jobbe mot spesifikke, individuelle mål per skuleår, bygd opp rundt den generelle delen av læreplanen, dei fem grunnleggjande ferdigheitane (som skal integrerast i alle fag, på alle nivå), og eventuelle spesifikke fag. Om behov kombinerer ein dette med personleg øving på ferdigheiter som er viktige for sosial fungering og/eller nyttige arbeidsferdigheter.

De fem grunnleggende ferdighetene er:
·     å kunne uttrykke seg muntlig
·     å kunne lese
·     å kunne uttrykke seg skriftlig
·     å kunne regne
·     å kunne bruke digitale verktøy

Og så vil det vere avhengig av eleven kva for innhald, nivå og arbeidsmåte ein legg seg på i opplæringa.

Nokre elevar har behov for kvardagslivstrening eller arbeidslivstrening. Da prøver skulen finne gode arenaer for slik trening.

Vurdering:

Opplæringen vil oftast avvike frå ordinær opplæring og gir difor ikkje grunnlag for standpunktvurdering, men eleven vil få kompetansebevis som dokumenterer eleven sin kompetanse ved slutten av opplæringa.

Dersom eleven presterer på nivå med krava i læreplanen for eit fag, vil skulen i lag med elev, føresette og hjelpeinstans vurdere om standpunktkarakter likevel skal gjevast.
 

Ta kontakt med skulen eller PPT for å få vite meir om korleis gå fram for å søkje på dette alternative utdanningsløpet.

 

Snarvegar