Studiespesialisering med opplæring i Skottland

Elevar som tek Vg1 på studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Elevar som nyttar seg av denne ordninga, vil gjennomføre den vidaregåande utdanninga si på dei vanlege tre åra, samstundes som dei skaffar seg verdifull internasjonal studieerfaring.

Internasjonal vidaregåande skule er eit av undervisningstilboda til Møre og Romsdal fylkeskommune på Vg2-nivå, og kan søkjast av alle elevar busett i Noreg. Føresetnaden er at søkjarane er Vg1-elevar på utdanningsprogram for studiespesialisering.

Meir detaljar om tilbodet finn du i informasjonsbrosjyra nederst i denne artikkelen.

Eit viktig mål for akkurat dette skuleåret, er at elevane får vere i eit miljø som fremjar læring av engelsk i tillegg til deira ordinære fagleg opplæring på Vg2.

Fagval
Samarbeidsskulane i Skottland tilbyr fag elevane kan byggje vidare på i Vg3 når dei kjem tilbake til Noreg. Elevane vil få hjelp til å velje fag og fagkombinasjonar som gjer at dei oppfyller krava innanfor eitt av programområda i studiespesialiserande utdanningsprogram.

Når det gjeld fellesfaga, blir elevar som tek eitt år av den vidaregåande opplæringa i utlandet, fritekne for desse etter visse reglar.

- For fellesfag som går over fleire år, og som har eksamen etter Vg3, må dei likevel vere budde på ein god del sjølvstudium. Dette gjeld historie (som har 2 veketimar i Vg2), norsk (som har 4 veketimar i Vg2), og elevane skal og ha undervisning i sitt andre framandspråk (4 veketimar).

- I både norsk og historie vil elevane få konsentrert undervisning, nokre dagar i løpet av året i Skottland.

Armadale kull 2013/2014

This is the sixth year group at Armadale Academy that school year. And there you can see 16 students from Norway. Our first group of students who spent a year at the school.

Byen Armadale

The town of Armadale.

Vertsfamilieordning
Elevane bur i private heimar, plukka ut av samarbeidsskulen, og vil slik vere ein naturleg integrert del av ein ordinær skotsk skulekvardag. Elevane som reiser til Skottland får bortebuarstipend frå Statens Lånekasse.

Dette studietilbodet er ein eineståande sjanse for elevar frå Noreg, men det er krevjande, og stiller store krav både til elevane sine evner til omstilling og til sjølvstendig, målmedvite arbeid.

 

 

Dokumenter

Kontakt