Fagleg samarbeid er ein naturleg del av elevtkvardagen på alle trinn i dette utdanningsprogrammet.
(THING for Haram vgs)
Kva for val har du ved Haram vidaregåande skule?
Utdanningsprogrammet for studiespesialisering gir det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskular og universitet. Elevar som vel studiespesialisering, bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag.
Vg1-nivå
På Vg1 kan du velje ordinær Vg1 Studiespesialisering eller Vg1 Studiespesialisering - internasjonal klasse.
Rammene for desse to er dei same, baseert på utdanningsprogrammet studiespesialisering, og elevane vert førte fram til same eksamen uavhengig av kven av dei du går i.
I Internasjonal klasse vil det vere ei økt ekstra, per veke der ein set fokus på kunnskap om ulike kulturar, ulike former for kommunikasjon og også litt om samfunnsstrukturar i enkelte land. Det er og lagt opp til ein utanlandstur på kvart klassetrinn i dei tre åra ved Haram vgs.
Vg2 og Vg3
På Vg2 og Vg3 kan du velje mellom programfagområdet realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Dette gjeld for alle elevane på studiespesialisering, også dei som går i den internasjonale ST-klassen.
- Avhengig av kva programområde og programfag du vel, vil du kunne oppnå generell eller spesiell studiekompetanse.
- Uavhengig av programområde, lover vi deg fleire spennande, innhaldsrike skuleår, fulle av moglegheiter til god læring.