Yrkes- og studiekompetanse

Eit 4-årig tilbod

Dette er eit 4-årige tilbod, der elevane får ein kombinasjon av yrkesfagleg-  og studieførebuande utdanningsprogram.

På Haram vgs. kan elevane anten velje YSK - Elektro (4,5 år) eller YSK - Teknologi- og industrifag (4 år). Begge tilboda vil gje elevane eit fagbrev og i tillegg studiekompetanse med full fordjuping i matematikk og fysikk etter fullført utdanningsløp.

Dobbel kompetanse

Den doble kompetansen oppnår ein ved at utdanningsprogrammet går over 4 – 4½ år. Gjennom heile opplæringsløpet nyttar ein utplassering i verksemder; - to dagar pr. veke dei tre første åra og tre dagar pr. veke det 4. året.

Elevane er i hovudregelen ved same verksemd gjennom heile opplæringa, men unnatak kan skje. Dette gjev god kontakt mellom verksemd og elev, helst i eleven sitt eige nærområdet, og synleggjer på ein god måte moderne teknologifag og industriarbeidsplassar for ungdommen.

Verksemdene får eit betre rekrutteringsgrunnlag, og elevane får kunnskap om moglege yrkes- og utdanningsval som ligg i forlenginga av YSK.
 

Historikk

Yrkes- og studiekompetanse (YSK), tidlegare tekniske- og allmenne fag (TAF), vart oppretta som ei forsøksordning i 1992. Føremålet var å få fleire unge til å velje ingeniørutdanning etter vidaregåande skole, og ein meinte å kunne stimulere til dette ved å lage ei ordning der elevane etter ei 4-årig vidaregåande opplæring kunne oppnå både fagbrev og spesiell studiekompetanse. Ei ordning som og næringslivet har ønska velkomen.

(Forkortingar brukt på dette tilbodet er YSK = yrkes- og studiekompetanse og frå tidlegare tider, TAF = tekniske og allmenne fag).
  

Elev-/lærlingstatus i det 4-årige løpet

Dei to første åra har ein status som elev.
Dei to siste åra har ein status som lærling.

Dei to første åra som elev vert det utplassering fast to dagar i veka, knytt til faget yrkesfagleg fordjuing (YFF) og den praktiske delen av programfaga. Lærekontrakt vert inngått ved starten av det tredje opplæringsåret.

Merk at gjennom heile løpet på dette utdanningsprogrammet følgjer elevane bedriftene sitt arbeidsår, og dei får løn for arbeid dei utfører. Meir informasjon om lønsordninga for YSK-elevar gjennom dette utdanningsløpet, får du av skulen ved opptaket til skuleplass.
  

Skuleskyss

YSK-elevene har rett til skuleskyss alle 4 åra i denne opplæringa, men då på dei dagane dei er på skulen, jf. informasjon frå seksjonsleiar Opplæring i bedrift ved KON-Møre og Romsdal fylkeskommune.
 

Utdanninga er krevjande

Ein bør ha eit godt teoretisk grunnlag frå ungdomsskulen skal ein velje dette utdanningsprogrammet. Det lagt inn krav om karakteren 4 eller betre i både naturfag og matematikk frå grunnskulen, då både god realfagleg grunnskap og gode matematiske ferdigheitar er viktig for å lukkast på utdanningsprogrammet.

Elevane må vere budde på å yte god eigeninnsats inn mot skulearbeidet gjennom heile det 4-årige løpet.

Snarvegar

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.