Overgangen frå grunnskolen til vidaregåande

Ein trygg og føreseieleg overgang frå grunnskolen til vidaregåande opplæring skal sikre at alle elevar får ei god oppstart og størst mogleg sjanse for gjennomføring. 

Dette krev godt samarbeid mellom ungdomsskolar, vidaregåande skolar, føresette og hjelpeinstansar som PPT, OT, helsesjukepleiar, BUP, barnevern og NAV.

Kommunen og fylkeskommunen har delt ansvar for overgangen, jf. opplæringslova § 9-5. Eleven sitt beste og retten til medverknad er leiande prinsipp.

Slik arbeider vi med overgangen

Støttemateriell

Det er utarbeidd rettleiarar tilpassa ulike målgrupper:

“Oktobermelding” frå kommunen til fylkeskommunen

Kommunen skal innan 1. oktober melde frå om elevar i 10. trinn som vil søke fortrinn i inntak til vidaregåande opplæring. Dette gjeld elevar vil søke om fortrinn på grunn av sterkt nedsett funksjonsevne eller om fortrinn til eit bestemt utdanningsprogram.