Elevrådet er elevane sitt høgaste organ på skulen. 
Tillitselev og varaelev blir valt for eit år av gongen, og har som oppgave å representere klassa si ved elevrådsmøta. Elevrådet drøftar og gir tilråding i saker som elevar og rektor gir dei. Elevrådet kan sjølv ta opp og legge fram for rektor saker som dei meiner er av interesse for elevane.
I elevrådet blir det òg valt eit styre. 
Dette styret står i spissen for elevrådet og har ansvar for å halde møte og informere elevar og leiinga om sakene deira. Dei pliktar seg òg til å stille opp på møte med leiinga nokre gongar i året. Å sitje i elevrådsstyret er litt meir arbeid, men det gir ei veldig god erfaring.
Kontakte elevrådet
Har du saker til elevrådet? 
Eller er det ting de i klassen tenkjer kunne vore drøfta eller gjort noko med?
Ta det opp med tillitseleven i klassen, eller meld det direkte til kontaktlæraren din.
Det er og mogleg å melde direkte til kontaktpersonen for elevrådet (sjå under) eller til rektor. 
Vi ønskjer aktive og nøgde elevar, i eit godt læringsmiljø, så ver med og bidra. Det er berre slik vi saman kan lukkast med å skape ein god arbeidsplass for alle i eit skulemiljø.
Takk for ditt bidrag!