Alternativt opplæringsløp

Dette er tilbod til elevar som har behov for omfattande tilrettelegging utover det som ein får i ordinære utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Behovet må vere grunna i dokumentert vanskar innan sterkt nedsett psykisk og/eller fysisk funksjonsevne, slik at du som elev ikkje vil få høveleg god nytte av eit ordinært utdanningsløp.

ITO = Individuelt Tilrettelagt Opplegg

Det individuelt tilrettelagte opplegget vil bli utarbeidd i samråd med elev, føresette og hjelpeinstansar (t.d. PPT og Statped), og målet er å gje ei opplæring i vidaregåande skule som er til beste for eleven på både kort og lang sikt. Kva for utdanningsprogram (klasse) eleven vil følgje, kjem an på kva interesser og framtidige mål ein ser for seg. Eleven søkjer seg inn på eit utdanningsprogram og så vert opplegget for den vidaregåande opplæringa justert og tilpassa eleven sine evne og behov i forkant av skulestart.

Dei tilsette på skulen er spesialpedagogar, faglærarar, vernepleiarar og fagarbeidarar, og vi har eit tett samarbeid med PPT og andre instansar.

  

Mål for opplæringa er og individuelt

Det langsiktige målet er at eleven skal bli mest mogleg sjølvstendig på skulen, heime og i fritid og å få utvikle sine evne slik at han/ho kan få eit godt liv.

Den enkelte elev vil få jobbe mot spesifikke, individuelle mål per skuleår, bygd opp rundt den generelle delen av læreplanen, dei fem grunnleggjande ferdigheitane (som skal integrerast i alle fag, på alle nivå), og eventuelle spesifikke fag. Om behov kombinerer ein dette med personleg øving på ferdigheiter som er viktige for sosial fungering og/eller nyttige arbeidsferdigheter.

De fem grunnleggende ferdighetene er:
·     å kunne uttrykke seg muntlig
·     å kunne lese
·     å kunne uttrykke seg skriftlig
·     å kunne regne
·     å kunne bruke digitale verktøy

Og så vil det vere avhengig av eleven kva for innhald, nivå og arbeidsmåte ein legg seg på i opplæringa.

Nokre elevar har behov for kvardagslivstrening eller arbeidslivstrening. Da prøver skulen finne gode arenaer for slik trening.

  

Vurdering

Opplæringen vil oftast avvike frå ordinær opplæring og gir difor ikkje grunnlag for standpunktvurdering. Eleven vil få eit kompetansebevis som dokumenterer eleven sin kompetanse ved slutten av opplæringa i vgo.

Dersom eleven presterer på nivå med krava i læreplanen for eit fag, vil skulen i lag med elev, føresette og hjelpeinstans, vurdere om standpunktkarakter likevel skal gjevast. Får eleven karaktervurdering i eit eller fleire fag, vil dette kome fram i eleven sitt kompetansebevis.

Nokre elevar kan klare å jobbe mot eit ordinært vitnemål for eit utdanningsprogram, trass sine utfordringar, men treng lengre tid. Dette vil ein ta med i vurderinga når det tilrettelagte løpet i vidaregåande skule blir planlagt. Når eit realistisk mål er sett, tek ein eit år om gongen, og jobbar saman for at eleven best kan nå målet sitt.
 

Ta kontakt med skulen eller PPT for å få vite meir om korleis gå fram for å søkje på dette alternative utdanningsløpet.