Rammer
Rammene for desse to variantane av Studiespesialisering ved skulen vår, er dei same. Begge løpa er baserte på læreplanane for Studiespesialisering, og elevane vert førte fram gjennom 3 år til same vitnemål. Eksamenskrava er og lik, uavhengig av kven av dei to løpa du har valt.
Forskjellen er at i Internasjonal klasse vil det vere ei økt ekstra per veke, der blikket blir vendt ut i verda. I denne økta, kalla internasjonal time, vil du få auka kunnskap om ulike kulturar, ulike former for kommunikasjon ein møter på og også litt om spesifikke samfunnsstrukturar i enkelte land. Utanlandsturane vi tilbyr på kvart klassetrinn i dei tre åra ved Haram vgs, vil gje deg både mange opplevingar, men og utfordre deg. Du får vere med i planlegging av program for turar, bruke språk og kunnskap i møte
VG1
På Vg1 er det standard fag for Studiespesialisering du følgjer:
- Norsk
- Engelsk
- Kroppsøving
- Matematikk (1P eller 1T)
- Samfunnskunnskap
- Naturfag
- Geografi
VG2 - VG3
På Vg2 og Vg3 forset du med fellesfaga norsk og kroppsøving, som får selskap av historie og religion. I tillegg vel du mellom programfagområdet realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi og må velje deg ei pakke med programfag tilhøyrande ditt programfagsområde. Du får hjelp til å sortere ut kva som passar best for deg av både kontaktlæraren din og skulen sin rådgjevar.
Avhengig av kva programområde og programfag du vel, vil du kunne oppnå generell eller spesiell studiekompetanse.
Uavhengig av programområde, lover vi deg fleire spennande, innhaldsrike skuleår, fulle av moglegheiter til god læring.
Vil du vite meir om kva dette utdanningsprogrammet inneheld, og kan føre til av studier og yrke, sjekk linkane under:
Studiespesialisering - vilbli.no
Studiespesialisering - Utdanning.no