Om du er i tvil om du skal klage, bør du rådføre deg med ein faglærer før du sender inn klage. Ver merksam på at klagesensuren også kan føre til at karakteren kan bli sett ned.
Orientering om klagefristar til eksamen
Våren 2026
Korleis klage?
Det er mogleg å klage på …
- eit skriftleg eksamensresultat
- formelle feil ved munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen (ikkje karakteren)
Hugs det kan vere lurt å kontakte faglæraren din først, og så vurderer de i lag om det er lønt å sende inn ei klage. Den endelege avgjerda, er din. Ved ny sensur kan karakteren gå ned, forbli uendra eller gå opp.
Klage på eksamenskarakter gjer du inne i VIS (Visma InSchool).
Gå til di eiga side, Eleven si side, og vidare til Vurderingar, og Eksamen.
Kontakt skulen om du treng meir informasjon.
………………………………………………………………………………………………….
Gjeld det klage på standpunktkarakter?
Elevar har rett til å klage på korleis standpunktkarakteren er fastsett og på vedtak om å ikkje fastsette standpunktkarakter. Dette gjeld standpunktkarakteren i fag og i orden og oppførsel.
Klageretten gjeld og dersom du ikkje får talkarakter til standpunkt, altså IV. Merk at du ikkje kan klage på undervegsvurderingar.
Fristen for å klage er 10 dagar etter at du har fått karakteren.
Du kan krevje å få ei grunngjeving for karakteren, innan 10 dagar. Når du har mottatt grunngjevinga, vil du få nye 10 dagar klagefrist.
Klagerett - informasjon
Vi rådar deg til å ta kontakt med skolen og be om å få ei grunngjeving for karakteren før du bestemmer deg for å klage.
………………………………………………………………………………………………….
Informative linkar:
Skuleeigar informerer - Klagerett
UDIR - Eksamensplan. Viktige frister
Statsforvaltaren informerer - Klage på eksamen
Statsforvaltaren informerer - Klage på fastsett standpunktkarakter