Gjennomføring av privatisteksamen

Finn ut kva som skjer på eksamensdagen på ulike typar privatisteksamen og kva hjelpemiddel du kan bruke.

Innhald på sida

Ta med gyldig legitimasjon 

Du må ha med gyldig legitimasjon på eksamensdagen. Eksempel på gyldig legitimasjon er:

  • Bankkort med bilde og fødselsnummer
  • Førarkort eller førarkort-app
  • Pass
  • Nasjonalt ID-kort
  • Gyldig elevkort med bilde

Skriftleg eksamen for privatist

Før eksamen: Sjekk datamaskin og programvare

Du er sjølv ansvarleg for at utstyret ditt fungerer.

Dette bør du gjere i god tid:

Førebuingsdag (dersom faget har det)

Nokre fag har førebuingsdag dagen før eksamen.

  • Førebuingsdagen er obligatorisk
  • Møt opp til tidspunktet du har fått beskjed om
  • Førebuingsmateriell blir publisert kl. 09.00 på udir.no

Oppmøte på eksamensdagen

  • Møt opp i god tid, seinast kl. 08.30
  • Eksamen startar kl. 09.00
  • Møter du etter kl. 10.00, får du ikkje gjennomføre eksamen
  • Du har ikkje lov til å forlate eksamenslokalet før kl. 10.00

Når du kjem til eksamenslokalet

  1. Registrer deg hos eksamensvakt
  2. Set deg på plassen du får tildelt
  3. På pulten ligg ein bordlapp med:
    • namnet ditt
    • kandidatnummer
    • fagkode
    • dagspassord for internett

Etter registreringa kan du ikkje forlate plassen din utan samtykke frå eksamensvakta.

Mobiltelefon, klokker og utstyr

  • Mobiltelefon og smartklokke skal vere heilt avslått (flymodus eller lydlaus er ikkje nok) 
  • Utstyret skal ligge i sekk eller veske på anvist plass
  • Godkjende hjelpemiddel skal ligge på eller ved pulten under heile eksamen

Det er lov å bruke hovudtelefonar eller øyrepluggar, bortsett frå under del 1 i todelte eksamenar.

Når du mottar eksamensoppgåva, må du sjekke at du har fått tildelt riktig oppgåve ved å samanlikne fagkoden på bordlappen og fagkoden på eksamensoppgåva. Om du har mottatt feil fagkode på eksamensoppgåva, kontakt eksamensvakta med ein gong.

Sjekk om eksamensoppgåva inneheld vedlegg som skal svarast på og leverast inn.

Heildigital eksamen

Oppgåver blir publiserte og leverte digitalt. I nokre fag får du også eksamensoppgåva på papir: (norsk, engelsk 1 og 2, økonomistyring og økonomi og leiing). Berre det du produserer under sjølve eksamenstida, kan leverast.

Todelt eksamen

Du får utdelt eksamensoppgåva og ark for kladd og innføring. Fyll ut felta på innføringsarket i tråd med informasjon som blir gitt i eksamensrommet.

Del 1

  • Oppgåva blir delt ut på papir
  • Du har ikkje lov til å bruke hjelpemiddel
  • Svara skal leverast når tida for del 1 er ute

Del 2

  • Du kan starte på del 2 når du vil
  • Du får ikkje tilgang til hjelpemiddel før tida for del 2 startar
  • Del 2 kan svarast på:
    • papir
    • digitalt
    • ein kombinasjon av begge

Svar som er skrivne på papir, blir skanna og leverte digitalt av skolen.

Levering av svar

Når du er klar for å levere svara dine, gir du teikn til eksamensvakta. Du er sjølv ansvarleg for at det du leverer er i orden. Ikkje forlat plassen din før du får klarsignal frå eksamensvakta.

Digitale hjelpemiddel og sikkerheit 

Sikker nettlesar - Safe Exam Browser (SEB)

På grunn av utviklinga av KI har Udir innført Safe Exam Browser (SEB) i utvalde fag. SEB er ein nettlesar som sperrar tilgangen til lokale filer, notat og program og opnar berre for dei digitale hjelpemidla som er lov å bruke i faget.

Særskilt tilrettelegging og SEB

  • Gjeld privatistar som bruker Lingdys, IntoWords eller liknande.
  • Du må søke om tilrettelegging
  • Bruk koden «Unnta SEB»
  • Kontakt skolen dersom du har spørsmål

Ordbøker

  • Du bør ha tilgang til offline ordbok
  • Ha gjerne papirordbok som reserve
  • Ordbøker kan ikkje omsetje heile setningar
  • Lexin er berre tillate for minoritetsspråklege kandidatar

Reglar for kjelder, plagiat og juks

Plagiat og kjeldebruk

Plagiat og manglande kjeldevising er ikkje det same som juks, men kan føre til lågare karakter. Du må vise til kjelder på ein ryddig og korrekt måte.

Juks og forsøk på juks

Juks er bruk av ulovlege hjelpemiddel eller handlingar som gir deg ein fordel på eksamen. Eksempel på ulovleg bruk:

  • all form for kommunikasjon, inkludert samskriving og publisering på internett
  • bruk av skytenester
  • omsettingsprogram i språkfag (også offline)
  • chatrobotar eller anna KI (også offline)
  • kalkulator, notat, lærebøker eller datamaskin på del 1 i matematikk
  • tilkopling til anna nettverk enn eksamensnettverket
  • å ikkje slå av mobiltelefonen

Du er sjølv ansvarleg for at du ikkje har med ulovlege hjelpemiddel.

Konsekvensar ved juks

Blir du tatt i juks eller forsøk på juks:

  • eksamen i faget blir annullert
  • du kan tidlegast ta eksamen på nytt etter eitt år

Juks kan også bli oppdaga i etterkant av sensur.

Stikkprøver

Du kan bli plukka ut til kontroll av datamaskina di både før og etter eksamen. Du kan også bli bedt om å søke etter visse filtyper på datamaskina di. Ulovleg programvare kan bli rekna som forsøk på juks.

Uventa hendingar under eksamen

Meld straks frå til eksamensvakta ved:

  • teknisk feil
  • manglande nettilgang
  • problem med system eller innlogging


Etter eksamen

  • Du finn karakteren i InSchool under Vurderingar → Eksamen
  • Karakteren blir publisert etter fellessensur, vanlegvis i slutten av siste skoleveke


Meir informasjon
Sjå også «Forberede og ta eksamen» på udir.no

Munnleg eksamen for privatist

Munnleg eksamen er todelt og består av:

  • Førebuingstid: 30 minutt
  • Eksamenstid: inntil 30 minutt

Førebuing

Privatistane trekker tema/problemstilling/oppgåve når førebuinga startar. I førebuingstida skal privatisten opphalde seg i førebuingsrommet.

Hjelpemiddel

I førebuingsdelen er alle hjelpemiddel tillate, så lenge dei ikkje forstyrrar andre kandidatar. Lydlaus kommunikasjon er lov. Privatisten skal bli verande i førebuingsrommet i førebuingstida og har sjølv ansvar for å ha med nødvendige hjelpemiddel. Det er lov å ta med eit notatark frå førebuinga inn til eksaminasjonen. 

Eksamen

Eksamen skal gi privatisten moglegheit til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg, innanfor ramma av eksamensforma.

Sensor 1 som leier eksamineringa. Sensor 2 har ei lyttande rolle, tek notat under eksaminasjonen og kan også stille spørsmål til privatisten.

Eksamenskandidaten kan bruke 5–10 minutt av eksamenstida til eit eige innlegg om tema problemstilling eller oppgåve. Resten av tida blir brukt til fagsamtale mellom sensorane og kandidaten.

Dersom kandidaten ikkje får vist nok breidde i fagkompetansen innanfor gitt tema, problemstilling eller oppgåve, kan kandidaten også bli eksaminert i andre deler av læreplanen.

Leseliste i fag med munnleg eksamen

I fag med munnleg og munnleg-praktisk eksamen, bør du levere leseliste. Leselista gir sensorane oversikt over kva du har arbeidd med i faget. 

Leselista bør for eksempel innehalde:

  • prosjekt, særemne eller fordjupingsemne du har arbeidd med, der ette er krav i læreplanen
  • romanar eller anna tilleggslitteratur, i fag der læreplanen krev dette

Det finns ikkje ordningar for godkjenning av leselista. Det er læreplanen i faget som dannar grunnlaget for eksaminasjonen. 

Frist for å levere leseliste til skolen

  • 1. april for vår eksamen
  • 15. oktober for hausteksamen. 

Det vil ikkje bli purra eller tatt i mot leseliste etter denne fristen.

Munnleg-praktisk eksamen for privatist

Munnleg-praktisk eksamen er todelt og består av:

  • Førebuingstid: 45 minutt 
  • Eksamenstid: inntil 45 minutt

Førebuing

Når førebuingstida startar, trekker du tema, problemstilling eller oppgåve. Trekket er tilfeldig og blir ikkje styrt av eksaminator eller sensor. Same tema, problemstilling eller oppgåve kan bli gitt til fleire privatistar på same parti.

Hjelpemiddel

Under førebuinga

  • Alle hjelpemiddel er tillate, så lenge dei ikkje forstyrrar andre kandidatar
  • Lydlaus kommunikasjon er lov
  • Du har sjølv ansvar for å ta med naudsynte hjelpemiddel
  • Det er ikkje lov å forlate førebuingsrommet
  • Du kan ta med eitt notatark frå førebuinga inn til eksamen

Under eksamen

  • Alt relevant utstyr er tillate i den praktiske delen
  • Notata frå førebuinga kan brukast under innlegg eller presentasjon
  • Det er ikkje lov å bruke internett eller kommunisere med andre under eksamen

Leseliste 

I fag med munnleg eller munnleg-praktisk eksamen bør du levere leseliste. Leselista gir sensorane oversikt over kva du har arbeidd med i faget.

Leselista bør til dømes innehalde:

  • prosjekt, særemne eller fordjupingsemne, der dette er krav i læreplanen
  • øvingar eller arbeid du har gjort i eksperimentelle fag

Det finns ikkje ordningar for godkjenning av leselista. Det er læreplanen i faget som dannar grunnlaget for eksaminasjonen. 

Frist for levering av leseliste:

  • 1. april for våreksamen
  • 15. oktober for hausteksamen

Skolen purar ikkje, og tek ikkje imot leseliste etter fristen.

Gjennomføring av eksamen

Eksamen skal gi privatisten moglegheit til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg, innanfor ramma av eksamensforma. Eksamen skal innehalde eit praktisk innslag.

Eksaminator leier eksamen. Sensor har ei observerande rolle, tek notat og kan stille spørsmål.

Inntil 25 minutt kan brukast til praktisk del eller presentasjon frå privatisten. Resten av tida blir brukt til fagsamtale.

Dersom privatisten ikkje får vist tilstrekkeleg breidde i fagkompetansen innanfor gitt tema, problemstilling eller oppgåve, kan eksamineringa også omfatte andre delar av læreplanen.

Praktisk eksamen for privatist

Eksamenstida er inntil fem timar.

Normalt blir praktisk eksamen for privatistar gjennomført utan eigen førebuingsdag. I nokre fag kan det vere ein førebuingsdel same dag som eksamen. Når førebuing og eksamen blir gjennomført same dag, skal desse ikkje overstige fem timar totalt.

Hjelpemiddel

  • Alle hjelpemiddel er tillate i førebuingstida.
  • Ved kort førebuingsdel på sjølve eksamensdagen, kan PC/Mac med ope internett brukast.
  • Det er lov å ta med notat frå førebuinga inn til eksamen.
  • Privatistar kan også ha med seg annan type arbeid eller produkt frå førebuinga inn til eksamen.

Eksamen

Eksamen skal gi privatisten moglegheit til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Ein tverrfagleg eksamen på vg2 og vg3 yrkesfag skal prøve kompetansemål frå alle dei felles programfaga i den aktuelle læreplanen. Eksamensoppgåva kan eventuelt ha tyngdepunkt i eitt programfag og vere lausare tilknytt andre fag. Eksamen kan vere retta mot eit lærefag innanfor aktuelt programområde.

Gjennomføringa kan variere i ulike fag/programområde og kan innehalde ulike kombinasjonar av praktisk, skriftlege og munnleg arbeid.

Det er sensor 1 som leier eksamineringa. Sensor 2 skal ha ei lyttande rolle og ta notat under eksaminasjonen. Sensor 2 kan også stille spørsmål til privatisten. Dersom kandidaten ikkje får vist nok breidde i sin fagkompetanse innanfor gitt tema/problemstilling/oppgåve til å bestå eksamen, kan kandidaten også bli eksaminert i andre deler av læreplanen.