Kva kan PPT vgo hjelpe med?
- Gi råd og rettleiing om opplæringssituasjonen, til dømes fagvanskar eller personlege- eller sosiale utfordringar
- Gjennomføre utgreiingar og gi rettleiing i forbindelse med spesialundervisning
Kven kan be om hjelp frå PPT vgo?
- Elevar, lærlingar og lærekandidatar kan be PPT vgo om hjelp til å få vurdert og dokumentert fagvanskar, lærevanskar, retten sin til spesialundervisning eller dersom dei opplever dårleg læringsmiljø.
Det kan vere lurt å snakke med kontaktlærar eller rådgivar først. Dei vil hjelpe deg med å få kontakt med skulen sin PPT-kontaktperson. - Skulane kan be PPT vgo om hjelp til kompetanse- og organisasjonsutvikling.
Kontortid på HVS
Ålesund PPT vgo er kontoret som samarbeidar med Haram vgs.
Vår PPT-rådgjevar disponerer eige kontor i Elevtenesta, i 2. etg.,på Haram vgs,, måndagar, i tidsrommet kl. 0815-1430. Alle samtalar må vere avtalt på førehand. Det er difor det er viktig å snakke med kontaktlærar/rågjevar først, slik at dei kan melde inn behov om samtaletid.
Oversikt over PPT-kontor
Under ser du ei oversikt over alle PPT vgo-kontor i Møre og Romsdal, og kva for skular dei betener.
PPT vgo-kontora i Møre og Romsdal
- PPT for Ålesund
- betener Haram vgs, Ålesund vgs, Borgund vgs, Spjelkavik vgs, samt Akademiet Ålesund
- PPT for Sykkylven
- PPT for Stranda
- betener Stranda vgs og Vestborg privatskole
- PPT for Rauma
- PPT for Ulstein, Herøy, Hareid, Volda og Ørsta
- betener Ulstein vgs, Herøy vgs, Volda vgs og Ørsta vgs
- PPT for Molde og Aukra
- betener Molde vgs, Romsdal vgs, Fannefjord vgs, Hustadvika vgs, Gjermundnes vgs og Tøndergård skole og ressurssenter
- PPT for Indre Nordmøre
- betener Surnadal vgs, Sunndal vgs og Tingvoll vgs
- PPT for Ytre Nordmøre
- betener Kristiansund vgs og Atlanten vgs