Minoritetsspråkleg søkar

Denne sida er for minoritetsspråklege søkarar mellom 16 og 24 år med anna morsmål enn norsk eller samisk. Dersom du ikkje har varig opphald i Noreg eller norsk statsborgarskap, må det vurderast om du har rett til vidaregåande opplæring.

Innhald på sida

Kven har rett til vidaregåande opplæring?

For å ha rett til vidaregåande opplæring må du ha lovleg opphald i Noreg. I tillegg må du oppfylle minst eitt av desse krava: 

  • ha vitnemål frå norsk grunnskole
  • ha dokumentasjon på minst 9 år fullført allmenn grunnopplæring i utlandet, omsett til norsk eller engelsk av godkjend omsettar.  
  • ha realkompetanse som tilsvarar fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne

Dersom du ventar på vedtak i sak om opphald i Noreg, gjeld dette: 

  • Er du under 18 år, og det er sannsynleg at du skal vere i Noreg i meir enn tre månader, har du rett til vidaregåande opplæring.
  • Retten gjeld fram til utgangen av det året du fyller 18 år.
  • Ved avslag på søknaden om opphald gjeld retten fram til datoen avslaget trer i kraft.

Slik søker du vidaregåande opplæring

Søknadsfristar


1. februar
for deg som 

  • Manglar vurdering med karakter i meir enn 50 % av faga på vitnemålet frå grunnskolen​
  • Har godkjent tiårig grunnskole med vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar (nokre private skolar)​
  • Ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag (utanlandsk vitnemål, undervisning i heimen)​
  • Er realkompetansevurdert i meir enn 50 % av faga​
  • Har tungvegande årsaker og særleg behov ​for individuell behandling i inntaket og/ eller skoletilbod i eit gitt nærområde
  • Er mindreårig asylsøkar i asylmottak eller omsorgssenter ​
  • Har kome til Noreg i januar 2026 eller seinare (jf. folkeregisteret)​
     
  • Du må saman med hjelpeinstans fylle ut og sende inn vedleggsskjema for individuell behandling i inntak eller sende inn melding om behov for tilrettelegging
  • Søkar som får individuell behandling i inntaket skal ikkje konkurrere med poeng

 

1. mars for deg som

  • Kjem frå norsk grunnskole (10. trinn eller FOV modul 4)
  • Har karakter i meir enn 50% av faga og eventuelt har forsterka opplæring i norsk
     
  • Har du hatt eller har behov for forsterka opplæring i norsk, eller har andre tilretteleggingsbehov må du sende inn melding om behov for tilrettelegging

 

 

Du kan ha rett til forsterka norskopplæring

Dersom du ikkje kan norsk godt nok til å følge vanleg undervisning, kan du ha rett til særskild språkopplæring. 

Forsterka opplæring i norsk kan innehalde:

  • opplæring i norsk
  • morsmålsopplæring
  • tospråkleg opplæring i fag (ved behov)

Den vidaregåande skolen du kjem inn på, vurderer retten til særskild språkopplæring ved starten av skoleåret. 

Du kan også ha rett til individuelt tilrettelagd opplæring etter sakkunnig vurdering. Denne vurderinga skjer også i starten av skoleåret. 

Andre tilbod

Meir grunnskoleopplæring

Tilbodet gjeld deg som treng å styrke grunnskolefaga for å kunne fullføre vidaregåande opplæring. Tilbodet er ikkje eit nybegynnarkurs i norsk. Du må kunne norsk godt nok til å følge undervisninga.

Kontakt

E-post: inntak@mrfylke.no

Telefon: 71 28 01 50 - telefontid er tirsdag - torsdag kl. 12.00-14.00