Skulebibliotek

Skulebiblioteket er ein viktig del av skulen vår. Biblioteket er ope for elevar som ønskjer å arbeide med skulearbeid gjennom skuledagen.

Bibliotekarealet er vår sosiale sone, der du kan sitje å slappe av, åleine eller i lag med andre. Ta gjerne ei bok å fordjupe deg i medan du er der. Vil du låne den med deg heim, tar du kontakt med bibliotekaren.

Det tilhøyrande studierommet bak glasveggen, er tilgjengelege for sjølvstudium eller gruppearbeid, både i skuletida og litt utover vanleg undervisningstid. Det bør vere plass til deg for litt skulearbeid i tidsrommet kl.08:00 - 15:30, alle skuledagar.

Og du, ta omsyn til dei som ønskjer å sitje og jobbe fokusert.  Å få unna lekser i skuletida, er viktig for enkelte no og då. 

Takk for at de tek omsyn til det, og kos dykk i frisona vår. 

Bruk bibliotekaren!

Skulebiblioteket vil kunne gi deg mykje hjelp gjennom skuleåret - det håper vi du nyttar ut best mogleg. Bibliotekaren vil vere tilstades på skulebiblioteket til fastsette tider gjennom heile skuleveka. Dei betjente tidene finn du ved skranken.

Bibliotekaren vil vere hjelpsam dersom du treng hjelp til val av litteratur, lån eller anna. Diskuter gjerne moglege alternativ for litteraturval, anten det er for noko brukt inn mot skulearbeid eller for eigen lesegledes skuld. Der alltid kjekt å snakke litt om litteratur, eller bøker ein har lese!

Kontaktlæraren og/eller norsklæraren din vil og kunne hjelpe deg. Det er fullt mogleg å hjelpe seg sjølv og, men hugs då at du må registrere lånet.

Bruk lånekortet ditt

Dette blir gitt ut til alle elevar i løpet av dei fyrste skulevekene, og kan nyttast på alle folkebibliotek. Alle lån registrer du elektronisk ved skranken, slik bibliotekaren lærte deg ved skulestart. Har du problem med dette, nyttar du ev. registreringskorta i boksen same stad.

Velkomen til aktiv bruk av skulebiblioteket!

Utlån av lærebøker for eit heilt skuleår

Ved skulestart får alle elevar ved Haram vidaregåande skule utdelt lærebøker ved skulebiblioteket, og elevane får ha desse bøkene gjennom heile skuleåret. Det er difor sterkt tilrådd å skrive namn på innsida av bokpermen, og alle elevar blir oppmoda til å passe godt på bøkene for å unngå byte med andre.

Er du i tvil om ei bok er di, kan du når som helst ta kontakt med bibliotekaren for å finne ut kven boka/bøkene er registrerte på. 

Ved slutten av skuleåret skal bøkene leverast inn att og tapte eller øydelagde bøker må erstattast. Den enkelte elev er sjølv ansvarleg for bøkene som er registrerte i eleven sitt namn - så pass på bøkene dine!

Skulebøkerne skal leverast inn att klassevis, og kontaktlærar organiserer dette etter eit oppsett gitt av skulebibliotekar. Aller siste frist er alltid lagt til 20.juni.

NB!

Skulebøker som ikkje er registrert innlevert innan fristen, vil bli fakturert eleven. Dersom skulen mottar bøker etter dette, vil eleven likevel måtte betale fakturaen som er utsendt.