Det er ikkje nødvendig å slette noko fagstoff på maskina før eksamen.
MERK!
Alle elevar må signerer på at dei har lese og forstått reglane for PC-bruk til eksamen. Dette blir gjort rutinemessig før eksamensperioden startar opp.
Alle elevar må vere budd på at PC-en deira kan bli scanna og kontrollert for ulovleg innhald på eksamensdagen.
Dei 6 punkta alle må merke seg, er:
- Eg er kjent med at eg må starte eller restarte maskina mi i eksamenslokalet før eksamen startar.
- Eg er kjent med at Netctrl avgrensar bruken av Internett ved eksamen.
Det gjer at eg er stengt ute frå sider eg ikkje har lov å bruke. - Eg er kjent med at eg ikkje kan nytte meg av kommunikasjon med medelevar eller andre via mobiltelefon, smartklokke, bluetoothsamband eller liknande under gjennomføring av eksamen.
- Eg er kjent med at eg ikkje kan ha installert omsettingsprogram på datamaskina når det er eksamen i norsk eller framandspråk.
- Eg er kjent med at skulen kan nytte eiga programvare for å kontrollere om deler av eksamenssvaret kan vere henta frå kjelder på Internett, og at eg difor alltid må oppgi kjelde når eg nyttar stoff skrive av andre.
- Eg er kjent med at KI (kunstig intelligens) ikkje er tillatt å bruke på eksamen. Det gjeld også KI offline.
Brot på nokon av desse reglane vil kunne bli rekna som fusk, og det blir behandla etter § 3-34 i Forskrift til opplæringslova.
Konsekvens kan bli annullering av eksamen, tap av standpunktkarakter og sperrefrist på 1 år før du på nytt kan gå opp til eksamen i faget som privatist. Det kan også medføre nedsett åtferdskarakter.