Frammøte
Du møter i eksamenslokalet seinast 30 minutt før eksamen startar. Viktig informasjon i høve dagens eksamen, vil alltid bli gitt i dette tidsrommet. Ver gjerne tidleg ute, slik at du er sikker på at alt er klart til eksamen startar opp.
Dersom du kjem etter kl 10:00, får du ikkje ta eksamen denne dagen.
Eksamenslokalet
Du set deg straks på merka plass. - ikkje gjer endringar i eksamensplassering. Bluetooth skal vere avslått. Mobiltelefonar må slåast av og leggjast på tilvist plass. Smartklokker er heller ikkje tillatt.
Headsett/øyreproppar som er tilkopla PC med leidning kan du bruke, men du må ikkje forstyrre andre med høg lyd.
Når eksamen har starta, er det ikkje tillatt med noko form for kommunikasjon, verken med medelevar eller digitalt. Viss du treng hjelp til noko, eller ønsker å forlate eksamenslokalet, må du kontakte eksamensvakta.
Eksamenstid
Eksamenstida er oppgitt i eksamensoppgåva. Du kan få inntil 15 minutt i tillegg for å klargjere og levere oppgåvesvaret.
Elektronisk eksamen
Alle skriftlege eksamenar vert no gjennomført elektronisk, med unntak av del 1 realfag som fortsatt vert utført på papir, scanna og lasta opp etter eksamen.
Du loggar deg inn på kandidat.udir.no for å ta eksamen. Der finn du oppgåva, der gjennomfører du eksamen og der leverer du eksamenssvaret ditt.
Eksamensvakt og/eller eksamensansvarleg skal sjekke om svaret er rett innlevert før du forlet eksamenslokalet. Dette får du informasjon om under oppstart av eksamen.
Bruk av PC til skriftleg eksamen
Elevar kan bruke privat PC til skriftleg eksamenar dersom ikkje noko anna er avtalt. Det er i utgangspunktet ikkje nødvendig å slette noko fagstoff på maskina før eksamen, men hugs at det er ikkje tillatt å ha verktøyet KI (kunstig intelligens) på maskina di, eller å bruke dette under eksamen.
Du får i god tid før eksamen utdelt eit skriv der du må signere på at du har lese og forstått reglane for PC-bruk til eksamen. Stikkprøver av PC og maskinvare kan bli tatt. Då må du stille maskina di til disposisjon.
Hjelpemiddel ved eksamen
Som hovudregel er alle hjelpemiddel tillatt unntatt bruk av kommunikasjon og omsettingsprogram. Internett-tilgang er avgrensa til å gjelde lovlege lokale og nasjonale nettressursar.
Netctrl avgrensar internett-tilgangen, og det kan raskt avdekkast om elevar er på nettstader dei ikkje skal vere.
Fusk eller forsøk på fusk
Det er ditt ansvar å gjennomføre prøver og eksamenar på skikkeleg vis, utan nokon for mfor fusk. Sei alltif frå øyeblikkeleg dersom du oppdagar feil eller tilgangar som ikkje skal vere der.
Prøve/eksamen i eit fag skal annullerast dersom eleven har fuska eller gjort forsøk på å fuske. Dette gjeld også dersom det er sensor som oppdagar fusk eller forsøk på fusk. Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen
Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av rektor. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan klagast på til Statsforvaltaren.
Dersom eksamen i eit fag vert annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, fell standpunktkarakteren bort, og ein kan gå opp til eksamen i faget som privatist tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen. Skulen informerer eleven og dei føresette til elevar under 18 år om klageretten. Fusk eller forsøk på fusk vil kunne få konsekvensar for karakteren i åtferd.
Bortvising frå eksamen
Du skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamen. Dersom åtferda di er i strid med dei retningslinene som Utdanningsdirektoratet/Fylkeskommunen har for prøvegjennomføring og eksamen, kan du etter å ha blitt åtvara, visast bort.
Bortvising frå eksamen skal avgjerast av rektor, og er eit enkeltvedtak som kan klagast på til Statsforvaltaren. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg for rektor før rektor eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising. Dersom ein elev får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.
Fråver og sjukdom under eksamen
Dersom du på grunn av sjukdom ikkje kan møte til eksamen, må du straks kontakte lege. Sjukmelding skal snarast mogleg leverast til kontoret ved skulen. Du som har møtt og blir sjuk under eksamen, må straks melde frå til eksamensvakta. Eksamensvakta varslar leiinga ved skulen. Rektor avgjer om det ligg føre grunnlag for å avbryte eksamen med rett for eleven til å gå opp til utsett prøve. Avgjerda til rektor kan klagast på til Statsforvaltaren.
Vis omsyn
Om alle følgjer regelverket, møter budd og er lydhør overfor eksamensvakt/eksamensansvarleg, vil gjennomføringa normalt gå veldig bra.
Lukke til med din eksamen!