Om du er i tvil om du skal klage, bør du rådføre deg med ein faglærer før du sender inn klage. Ver merksam på at klagesensuren også kan føre til at karakteren kan bli sett ned.
Orientering om klagefristar våren 2025
Korleis klage?
Det er mogleg å klage på …
- eit skriftleg eksamensresultat
- formelle feil ved munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen (ikkje karakteren)
Hugs det kan vere lurt å kontakte faglæraren din først, og så vurderer de i lag om det er lønt å sende inn ei klage. Den endelege avgjerda, er din. Ved ny sensur kan karakteren gå ned, forbli uendra eller gå opp.
Klage på eksamenskarakter gjer du inne i VIS (Visma InSchool).
Gå til di eiga side, Eleven si side, og vidare til Vurderingar, og Eksamen.
Kontakt skulen om du treng meir informasjon.