Dersom du har karakteren 1 i standpunkt og/eller eksamen i eit fag, får du tilbod om ein ny eksamen. Dette er etter gjeldande regelverk for alle med elevstatus.
Dersom du har dokumentert gyldig fråvære ved ordinær eksamen, eller ein særskild eller ny eksamen, har du rett til å gå opp til utsett eksamen.
Meir informasjon om dette, kan du lese under kvart punkt.
Dersom du har fått karakteren 1 i standpunkt i eit fag, har du rett til særskild eksamen dersom du ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.
Dersom du ikkje går opp til første etterfølgande eksamen, må du ta faget som privatist og standpunktkarakteren fell bort. Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.
Dersom du får karakteren 1 på ordinær eksamen, har du rett til ny eksamen i faget. Då beheld du standpunktkarakteren. Dersom du ikkje går opp til første etterfølgande eksamen, må du ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.
Dersom du har dokumentert gyldig fråvær ved ordinær eksamen, særskild eller ny eksamen, har du rett til å gå opp til utsett eksamen i det aktuelle faget.
Dersom du ikkje går opp til første etterfølgande eksamen, må du ta faget som privatist. Då fell eventuelt standpunktvurderinga i faget bort.
Forfall til eksamen bli rekna som gyldig når du er hindra i å stille til eksamen, når hindringa er uventa og du sjølv ikkje har skuld i hindringa. Det kan vere akutt sjukdom eller alvorlege hendingar som har oppstått til dømes i familien. Eleven eller privatisten må legge fram dokumentasjon på dette. Dersom du bli sjuk og ikkje kan møte til eksamen, må du straks kontakte lege for å få ei legeærklæring.
Alle elevar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til NUS-eksamen.
(NUS står for ny, utsett eller særskilt eksamen)
Viktig at du les alle informasjonsskriv du får frå skulen om eksamen skikkeleg og nøye. Følg opp råda du får.
Oppdatert eksamensplan
Utdanningsdirektoratet informerer om gjeldande eksamensdatoar på si nettside. Klikk deg inn via linken under og hald deg oppdatert på dine fag.
Udir - Eksamensplan