Generell informasjon
Generelle retningslinjer, gitt av Udir:
- elevar, privatistar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging av eksamen, skal få forholda tilrettelagt slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i faget.
- Tilrettelegginga skal så langt det er mogleg vere tilpassa kandidaten og kunne avhjelpe kandidaten sitt behov (t.d. ved allergiar, funksjonsnedsetting, eller anna) i den gitte situasjonen.
- Når det blir vurdert kva tilrettelegging som skal innvilgast for kandidaten, skal det ikkje bli gitt meir tilrettelegging enn det kandidaten har behov for. Det er eit mål at eksamensgjennomføringa ligg så tett opptil ein normal gjennomføring som mogleg.
UDIR - Generelt om særskilt tilrettelegging til eksamen
Korleis søkje?
Eleven søkjer via VIS (Visma in School).
Dokumentasjon må bli lasta inn som vedlegg til søknaden.
Gjer dette så tidleg som mogleg i 2.termin av skuleåret, slik at alt er avgjort i god tid før eksamen og eksamensansvarleg får høve til å organisere tilrettelegginga på ein god måte.
Rektor avgjer kva tilrettelegging du får basert på dokumentasjonen, og avgjerda kjem via eit enkeltvedtak.
Avgjerda til rektor kan klagast på til Statsforvaltaren.