Digitalt informasjonsmøte, 07.02.
Kva fordjupingsfag kan ein velje på Vg2ST på Haram vgs?
- Kor mange fag må eleven ta for å oppfylle krava?
- Og kva konsekvens har det om ein vel det eller det faget?!
Kl.18:00 Teamsmøte for Vg1ST-foreldre tysdag 07.02 - Klikk her
Snart fagval for elevar på Vg1 ST.
Etter Vg1 må elevane på Studiespesialisering gjere medvitne val for vegen vidare; - Kva for fag ønskjer dei å fordjupe seg i, og blir det då Vg2-3 STSSA eller Vg2-3 STREA dei skal gå dei neste to åra?
STSSA = fordjuping i språk, samfunnsfag og økonomi
STREA = fordjuping i realfag
I denne prosessen dukkar spørsmål opp, spørsmål som kanskje kan vere vanskeleg å vite svaret på, både for elev, foreldre og andre støttespelarar. Moglege val på spesifikke fag/fagkombinasjonar, varierar og, så søk difor god informasjon no!
Informasjonsdagar
- Vg1ST-elevane får informasjon på skulen onsdag 1.februar. i auditoriet, kl.1130 - 1215
Deretter får dei litt tid å tenkje seg om, før dei skal gjere sine endelege val for neste skuleår.
Merk at dette valet vil vere styrande for kva dei kan velje vidare på Vg3.
Dei får med seg heim informasjon og vil truleg ha behov for å diskutere litt heime i etterkant. Difor tilbyr vi og eit digitalt informasjonsmøte til foreldregruppa seinare same kveld, kl.18:00.
- TEAMS-foreldremøte for Vg1-føresette, tysdag 7.februar, kl.1800
Assisterande rektor Håkon Sæterøy vil gje same informasjon ut til foreldregruppa i dette opne teamsmøtet, slik at de som eleven sin støttespelar veit litt betre kva som er sagt om fagval. (Linken til møtet ligg øvst på sida).
Om eleven er usikker, vil både kontaktlærar og rådgjevar vere gode å snakke med. Dei vil gje utdjupande informasjon, og eventuelt gje råd og tips. Bruk dei!
Under ser du og to linkar til gode informasjonskanalar knytt til val elevane no skal ta. Kanskje finn du svar på det du lurer på der, eller du får andre nyttige innspel.
Lukke til med det komande fagvalet.