Elevundersøkinga og Undervisningsevaluering
Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får si sin meining om læring og trivsel i skulen.
Deretter gjennomførar alle skulane ei undervisningsevaluering, der målet er å skape eit verkty for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket.
Gjennomføringsperiode
Elevundersøkinga kjem først og blir gjennomført saman med kontaktlærar i ein basistime i perioden 06.11 - 08.12.
Vidare har skulen planlagt at Undervisningsevalueringa skal gjennomførast i løpet av vekene 50 og 51, rett før juleferien, med aller siste gjennomføringsdag måndag 19.12.23
Om Elevundersøkinga
Elevundersøkinga skjer årleg, då det er viktig elevar får uttrykke si meining om læring og trivsel.
Svara bruker skulen, kommunen og staten til å følge opp skulemiljøet og elevane sin trivsel. Det er frivilleg å svare på Elevundersøkinga og det er og mogleg å hoppe over spørsmål.
Elevane oppgjev ikkje namn, og personnummer er ikkje knytt opp mot svara. Det er svært strenge reglar for vising av resultat frå undersøkinga til skulen, skuleeigar og dei statlege utdanningsmyndigheitane. Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å gjenkjenne elevane sine svar.
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkinga blir lagra og brukt på riktig måte. Svara frå Elevundersøkinga blir lagra så lenge det er nødvendig, og kan bli brukt til forskning og statistikk, samt kan lagrast i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.
Om Undervisningsevalueringa
Det er politisk vedtatt at vidaregåande skular i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skuleår. Målet med evalueringen er at den skal vere eit verkty for kvalitetsutvikling av den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil bli brukt i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar.
Evalueringa blir gjennomført som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skuletida. Denne er det og frivilleg for elevane å svare på, men vi oppfordrar alle å delta. Alle svar vert handsama konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar.
Elevane skal evaluere lærarane si undervisning. Den enkelte elev må nok svare på evalueringa én, men oftast fleire gongar, for at alle lærarar skal bli evaluerte. Kor mange lærarar ein elev ender opp med å vurdere, avheng av kor mange av undervisningsgruppene eleven tilhøyrer, som blir valgt ut til å gjennomføre ei evaluering.
Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utviklet i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelt på fem tema:
- Eleven si meistring og motivasjon
- Læringsmiljøet i gruppa
- Vurderingspraksis
- Støtte frå lærar
- Faglege utfordringar og forventningar
Vi ber elevane svare like samvitsfullt på kvar enkelt lærarundersøking.
Takk!
Har de spørsmål til undersøkinga, kontakt Møre og Romsdal fylkeskommune ved:
- rådgjevar Ann-Christin Hoel Lervik (ann-christin.hoel.lervik@mrfylke.no)
- rådgjevar Lindis Huse (lindis.huse@mrfylke.no).